fredag 29. mai 2015

Å finne glede. ...


Bilde er tatt på disken til:


Med dette fine sitatet ynskjer eg deg god helg!
PS: Finn nokon du kan glede ♥

onsdag 20. mai 2015

Tett på våren




kom bli med meg tett på våren
kjenn at du lever no
vakre blomar blømer 

i morgon kan det vere for seint
våren varer ikkje så lenge
gripe stunda
.........................

Våren eller foråret er ei av dei tradisjonelle fire årstidene
og består av månedane marsapril og mai.

Om berre 10 dagar er våren 2015 omme. 
Snart kjem juni som er ein sommarmånad.
Så skal vi NYTE våren har vi dårleg tid!
.................


søndag 17. mai 2015

Gratulere med dagen!


Vonar alle har hatt ein flott 17.mai!
...............
Image0009

 Gud signe vårt dyre fedreland
 
 Gud signe vårt dyre fedreland,
 og lat det som hagen bløma.
 Lat lysa din fred frå fjell til strand
 og vetter for vårsol røma.
 Lat folket som brødre saman bu,
 som kristne det kan seg søma.
 
 Vårt heimland i mørker lenge låg,
 og vannkunna ljoset gøymde.
 Men, Gud, du i nåde til oss såg,
 din kjærleik oss ikkje gløymde,
 du sende ditt ord til Noregs fjell,
 og ljos over landet strøymde.
 
 Vil Gud ikkje vera bygningsmann,
 me fåfengt på huset byggja.
 Vil Gud ikkje verja by og land,
 kan vaktmann oss ikkje tryggja.
 Så vakta oss,Gud, så me kan bu
 i heimen med fred og hyggja!
 
 No er det i Noreg atter dag
 med vårsol og song i skogen.
 Om sædet enn gror på ymist lag,
 det brydder då etter plogen.
 Så signe då Gud det gode såd
 til groren ein gong er mogen.

 Elias Blix

tirsdag 12. mai 2015

ALT HAR SIN TID





Fant det på nett. Ukjent opphav for meg. Men velge å dele alikevel.
Syns det var SÅ utruleg talande.

Tenk vi er straks i midten av mai :-)


søndag 10. mai 2015

O, STORE GUD




O, store Gud, når jeg i undring aner,
hva du har skapt i verden ved ditt ord.
Ser universet med de mange baner,
og vet alt liv oppholdes ved ditt bord;

*/* Da bryter lovsang ifra sjelen ut,
O store Gud, o store Gud! */*

Når jeg i skriften ser du mange under,
som Gud har gjort fra første Adams tid.
Og ser hvor trofast Herren alle stunder
har ført sitt folk igjennom livet strid.
Refr.

Når jeg så vet at Kristus lot seg føde,
Ja, at han gikk omkring og gjorde vel.
Inntil han sonet verdens synd og døde,
og oppsto for å frelse hver en sjel:
Refr.

Når så til slutt hvert tidens slør må falle,
og troens mål er nådd, så jeg får se.
Vil evighetens klokker sjelen kalle
for tronen mellom skaren hvit som sne:

*/* Da bryter lovsang ifra sjelen ut,
Takk, store Gud, takk, store Gud */*

Carl Gustav Boberg 1885

........................

Våren er ei fantastisk tid.
Alt vaknar til live igjen.

I det eine augneblikket varmar sola
 og i det neste haglar det.

Ei årstid som kan minne om livet.
Det skiftar fort.

Til deg som akkurat no kjenner
at livet ikkje er så godt.

Du har eit tilbod frå Gud:
"Kom til meg, alle de som slit 
og har tungt å bera; eg vil gje dykk kvile!

Matt 11, v.28  



søndag 3. mai 2015

VÅRSØG



No skin det sol e høgste Svealiå
No bli det vår, det kjeinne e så vel
Det søng så tongt kring aille dalasiå
og synnavijn, hain kjæm og gær me sel

Når sola skin, da bli det fint e fjeillå
Da ska e dit å sjå kor bekkjin rein
Og klyv te topps e brattast berjesteillå
å vea gras og turt og tågberløng

E kjeinne lokt tå gras kring aille steillå
og sola skin, og bjøllån kleng så kløkt
og tjønnin legg så blank der e ska laua
me berg ekreng, der e kainn sol me trøkt

Å du, å du så sårt og sælt eg stuinna
når sola skin frå kvite høgdå ned
Da væt e vårn, hainn e kje længer uinna
at e får levva slik ein sommar te

Da væt e vesst at bekkjin legg å veinta
poinn kaille isa med så sval ein drekk
Når hausten kjæm og sistkveillskløva heinta
Da ska e takk førr sommarn så e fekk.
................................

TEKST: HANS HYLDBAKK
MELODI: HENNING SOMMERRO


Våren er absolutt mi årstid, men vert litt frustrert over at tida ikkje strekke til.
Vonar DU har fine MAIDAGAR!
NYT!

Klem