torsdag 24. september 2015

EMPATI



Empati
med ord gjør godt,
men det som sies
i stillhet
med ansikt og øyne
lindrer best.
Takk til deg som
også møtte meg slik.

– Steinar Bråten

--------------------------------------------------

deler på Skywatch Friday

Vakkert i Østfold :-)

lørdag 19. september 2015

Å la humla suse...

"La humla suse og tida gå, 
ikke tenk på det som kommer etterpå ... " 

               

               

Ein ettermiddag etter jobb sat eg ute og kjende varmen 
frå dei siste restane av solstrålande. 
Då oppdaga eg ei ivrig humle i blomsterbeddet ved sidan av meg.



Eg tenkte på uttrykket "Å la humla suse"..
Medan humla ivrig jobba var det eg og ikkje ho som lot "humla suse".

GOD SØNDAG!

onsdag 16. september 2015

Kveldssalme


Ingen stund är så som denna, 
kväldens sista tysta timma. 
Inga sorger längre bränna, 
inga stämmor mera stimma. 

Tag då du i dina händer 
denna dagen som förflutit. 
Visst jag vet: I gott du vänder 
vad jag hållit eller brutit. 

Ont jag tänker, ont jag handlar, 
men du läker allt och renar. 
Mina dagar du förvandlar 
så från grus til ädla stenar. 

Du får lyfta, du får bära, 
jag kan bara allting lämna. 
Tag mig, led mig, var mig nära! 
Ske mig vad du sen må ämna! 


 Karin Boye

................................................................................................................................................................
Ein stille haustkveld. Vakkert.
Måtte berre dele dette bilde eg tok i kveld
og denne vakre Kveldssalmen.

tirsdag 15. september 2015

Å vera i livet


Dette: å vera i livet,
open for alt ikring,
bunden med sterke røter
til menneske og til ting,
gi både hjarte og hender
i omsorg som aldri svik,
var det som gav meining til ferda di
og let deg få kjenne deg rik.
Og den som er rik vil ha seg
eit hus som er såleis bygt
at alle som høyrer til huset
kjenner det godt og trygt,
og såleis at framande gjerne
kjem innom dørene der
og auker den rikdom som finst der før
med alt det dei sjølve er.
Fattig var du om aldri
i livet du kjenne fekk
at mellom deg og dei andre
levande straumar gjekk
av tillit og varme som styrkte
kvart band som til livet deg batt,
og lar deg få kjenne, når alt blir
gjort opp,
at meir enn du gav, fekk du att.
Haldis Moren Vesaas
............................................
Dette vakre diktet av Haldis Moren Vesaas oppsummerar mine tankar og           følelsar i samband med all debatt som har vore i det siste, både når det gjeld flyktningar og valkamp.

lørdag 12. september 2015

HOLD SINNET DITT MJUKT



-
Hold sinnet ditt mjukt,
sier en stemme i vinden.
- La det ikke stivne
av år og alder. Smør det
med dagenes gule soltalg,
dynk det med dogg fra en blomsterkalk,
garv det i motgangs bitre saltlake.
Hold sinnet ditt várt og villig
som greina i brisen:
en hvileplass for fugler
med vingen blå av himmelduft.

- Hans Børli -


...........................................................

SÅ VAR ENNO EIT ÅR BORTE.
Eit heilt år sidan den store feiringa.
KVAR VART DET AV?
KLARER EG Å HALDE SINNET MJUKT?

På bursdagen min på torsdag kom systra mi og mannen hennar på besøk.
Herleg fotpleie var gåva. 
I tillegg var det ei gåve at ho ofra ei korøving 
for å vere saman med meg.
På kortet som fylgde gåva stod dette vakre diktet av Hans Børli.
Systra mi, som er 2 år og ei veke eldre enn meg, 
hadde sjølv fått diktet på eit kort til sin bursdag frå jentene sine. 
Og ho hadde lyst til å gi det vidare til meg.

Og eg fekk lyst å dele det med dokke. 

GOD HELG!
...................

Deler på Skywatch Friday

onsdag 9. september 2015

KVEN VINN?


En indianer satt og snakket med sitt barnebarn. Han sa: I alle mennesker bor det to ulver som sloss. 

Den ene er ond. Det er sinne, frykt, misunnelse, sjalusi, grådighet, arroganse, selvmedlidenhet, løgn, hovering, overlegenhet og egoisme. 

Den andre er god. Det er glede, fred, kjærlighet, håp, ro, ydmykhet, velvilje, empati, sannhet og tillit. 

Hvilken ulv vinner? spurte barnet. Den du mater, svarte bestefaren. 

- INDIANAR VISDOMSORD - 


mandag 7. september 2015

Å velge kva ein skal bruke tida si på....


38 Medan dei var på veg, kom Jesus til ein landsby, og ei kvinne som heitte Marta, tok imot han *i heimen sin.• 39 Ho hadde ei syster som heitte Maria, og Maria sette seg ved Herrens føter og lydde på orda hans.40 Men Marta hadde det så travelt med alt ho skulle stella til. Og ho gjekk bort til dei og sa: «Herre, bryr du deg ikkje om at syster mi lèt meg vera tenar åleine? Sei til henne at ho skal hjelpa meg.» 41 Då svara Herren: «Marta, Marta! Du gjer deg strev og uro med mange ting. 42 Men det er eitt som er nødvendig. Maria har valt den gode delen, og den skal ikkje takast frå henne.»
Luk 10,38-42

Som student har eg mange sider som skal lesast, fagtekst som skal skrivast og ein eksamen som er der framme. Så då må eg lese og skrive.
I tillegg har eg full jobb, familie, venner og eit frivillig engasjement som treng tida mi. 

Å velge kva ein skal bruke tida si på...
Men heller ikkje gløyme den gode del..

inspirert av: SPRETTSTEIN

torsdag 3. september 2015

Fjelldraumen


LENGSELEN TILBAKE

BORTOM NESET
NOKRE ÅRETAK TIL
SÅ ER VI DER

FJELLDRAUMEN VÅR
HYTTA VÅR
KVILE OG RO

SÅ GODT Å VERE
BÅDE ALEINE
OG Å VERE TO

KJEKT NÅR
HEILE FAMILIEN
ER SAMLA

FINT NÅR
GODE VENER
FINN VEGEN

MÅTTE DET BLI
FLEIRE DAGAR
OG NETTER

HØYRE UGLA ULE
SJÅ MÅNEN KOME FRAM
ELLER SOLA STÅ OPP

FYRE I OMNEN
SETTE OVER GRYTA
MATEN SMAKAR

HYTTELIVET
GIR ENERGI OG
LUKKE

03.09.15 - SIGRID

...........................................................
OG NÅR ENDÅ TIL FORSKNING MEINAR AT DET ER SUNT:

.......................



tirsdag 1. september 2015

SEPTEMBER


DET ER SEPTEMBER!
DET ER HAUST!

Ikkje så fargerik enno, men lufta er klarare og kaldare.
Såg ein grågåsflokk i slutten av august.
Ikkje så mange, men i V-formasjon..
Kanskje dei øvde seg til reisa mot sør?

For meg er September den store bursdagsmånaden.
Berre i nærmaste familie er det 4 stk som har bursdag.
Og på arbeid er der heile 7 av 20 som har bursdag i september.
Så no vert det mykje feiring framover.

GOD HAUST TIL DEG!