onsdag 31. mars 2010

Potte om


Bilete lånt her

For oss som bor på slike plassar der snøen enno ligg tjukk og kald....

Våren let vente på seg og vi klør i våre "grøne" fingrar, kva gjer vi då?

Ikkje fortvil: Vi kan potte om!!

Då får vi kjenne jord i mellom fingrane våre igjen.....

Ja, eg veit at det er best å gjere det ute...

Men viss vi dekkjer godt til med gamle aviser eller plast så vert det ikkje så gale ;-)

For den som treng omplantningstips så finn du det på viivilla.no


tirsdag 30. mars 2010

Petra


I dag skal dokke få helse på Petra  :-)

Ho er ei av mine mange stoveplanter som har namn.

Ho er ein avleggar som eg har fått med Petra som er mamma til Inger

Det som er kjekt med slike avleggerar er at dei ikkje berre er ei plante,men gir meg minner om dei som eg fekk dei med.


Petra er eit kvinnenamn avleia av det latinske mannsnamnet Petrus som i våre dagar svarar til Peter. Namnet tyder «stein» eller «klippe».

Jesus kalla læresveinen Simon for Petrus. Han skulle vere den klippa som den kristne kyrkje skulle byggast på. (frå Wikipedia)

------------------------------------------------------------------------------------------

I natt var det 5 minus,

men no skin sola frå klar blå himmel. 

Så no skal det nytast!!

PS: Er det nokon som veit det rette namnet på denne planta?

Etterord: Petra er ein buskforma bladbegonia.

Kilde: 350 stueplanter av Rob Herwig (Schibsted)


søndag 28. mars 2010

Palmesøndag

Bilete er lånt her


"Hvorfor valgte du en eselfole Jesus?


Du kunne i det minste valgt en hest.

Du gjorde deg så ussel og så liten,

mens folkemengden ville lage fest.


Hvorfor valgte du en tornekrone Jesus?

du kunne fått en gullkrone så fin.

For folkemengden ropte: "Hosianna,velsignet Konge"

sjansen var jo din.



Hvorfor valgte du den smertefulle døden?

Et lite ord og du var sluppet fri!

Du kunne bedt din far å sende engler!

Det skulle nok fått folkesnakk på glid.


Alt kunne blitt så annerledes Jesus!

Takk at du ikke tenker slik som vi.

Du kom med annet oppdrag hit til jorden:

Hver undertrykt og fanget skal bli fri!


Du roper ut et nådens år fra Herren,

et gledesbud for fattig og for rik.

Den blinde skal få se, den døve høre.

Takk, Herre Jesus,at du valgte slik!"



Teksta til sangen er henta frå "Barnesangboka" utgitt på Lunde forlag i 1989

Tekst: Elisabeth Aanje 1981 Melodi: Sigvald Tveit 1981

lørdag 27. mars 2010

Solskin på ein laurdag


Denne flotte "æresbevisninga" har eg fått av Randi og Lokki.

Tusen takk!

Reglane for å få prisen er følgjande:

The sunshine Blog Award er gitt til bloggarar som inspirerar andre i bloggverda med sin positivitet og kreativitet.

Reglane for å akseptera den er som følgjer:


1. Lim inn logoen på bloggen din eller i ein bloggpost

2. Send prisen vidare til 12 andre bloggarar

3. Link til dei nominerte i blogginnlegget ditt

4. Gjer dei merksam på at dei har fått prisen med ein kommentar på bloggen deira

5. Del gleda og link tilbake til den du fekk prisen frå

Punkt 2 er det verste, alle burde få den.

For så mange kjekke folk som finst her inne er heilt utruleg.

Men fyrst og fremst gir eg den tilbake til 1.Randi og 2.Lokki.

3.Elin (fordi du deler dine draumar og dine vakre bilete)

4.Solveig (fordi du alltid inspirerar)

5.Annegrete (fordi du deler dine tankar)

6.Lisbeth (for alle dine flotte idear og bileter)

7.Margit (fordi eg alltid vert så imponert over alle tema og ABC oppgåver du klarer)

8.Marie (fordi macro bileta dine formidlar eit fantastisk Skaparverk)

9.Kari (fordi du deler dine tankar og opplevingar med oss)

10.Irina (fordi du gir så masse av deg sjølv)

11.Ruth (fordi du deler så flotte naturbilete med oss)

12.Og til deg som akkurat i dag føler at du treng litt solskin i livet ditt!


Vonar sola skin i ditt liv.

God laurdagskveld der du er!!


torsdag 25. mars 2010

Hawairose


Hawairosa som eg fekk på jobb i haust har

begynt å blomstre igjen.

Hurra!

Er den ikkje fin?

Treng slike kvardagsgleder når

våren let vente på seg.

Ha ein flott dag i ditt liv!

Eg har fridag og har 1000 planar ;-)

onsdag 24. mars 2010

Billett  til døden

Eg sette meg på toget,

vi hadde sagt farvel.

Du smilte glad i mot meg,

og ropte: ”Ser deg fredag kveld”.

 

Du stod igjen på perrongen,

då toget dunka ut.

Og i mitt hjerte kjende eg

ei glede, fordi du var min gut.

 

Men det vi ikkje visste

og aldri vil forstå,

at det var siste gongen

du fekk meg sjå.

 

For halvveis på mi reise

blei alt eit flammehav.

Eit togspor ned på Rena

vil for alltid bli mi grav.

 

Ha takk då, kjære vennen min,

for alt vi hadde i lag.

Det var ein billett til døden

eg hadde kjøpt i dag.

 

Skreve 5.januar 2000 av Sigrid 

Etter togulukka som skjedde på Rena Stasjon 4.januar 2000.



Kom til å tenke på dette diktet som eg skreiv for 10år sidan då eg høyrde om den ekle ulykka med tog i dag. I dag var det ikkje folk som hadde kjøpt bilett som omkom, men dei som stod i vegen for toget. Nokon har det vondt og kjenner på sorg og smerte i dag.

Lat vi tenne eit lys og be for dei i kveld!

søndag 21. mars 2010

Vår i vindauge...


Ute ligg snøen på alle bøar,

men i vindauge der er det vår...

Den viser seg i ein vakker blomster som har overlevd den harde vinteren..

Og i dag skin sola og eg fekk med husbonden ut på tur!

(Eller var det omvendt?)

Vonar alle har hatt ein like solrik søndag som eg.


God arbeidsveke :-)