Dette: å vera i livet,
open for alt ikring,
bunden med sterke røter
til menneske og til ting,
gi både hjarte og hender
i omsorg som aldri svik,
var det som gav meining til ferda di
og let deg få kjenne deg rik.
open for alt ikring,
bunden med sterke røter
til menneske og til ting,
gi både hjarte og hender
i omsorg som aldri svik,
var det som gav meining til ferda di
og let deg få kjenne deg rik.
Og den som er rik vil ha seg
eit hus som er såleis bygt
at alle som høyrer til huset
kjenner det godt og trygt,
og såleis at framande gjerne
kjem innom dørene der
og auker den rikdom som finst der før
med alt det dei sjølve er.
eit hus som er såleis bygt
at alle som høyrer til huset
kjenner det godt og trygt,
og såleis at framande gjerne
kjem innom dørene der
og auker den rikdom som finst der før
med alt det dei sjølve er.
Fattig var du om aldri
i livet du kjenne fekk
at mellom deg og dei andre
levande straumar gjekk
av tillit og varme som styrkte
kvart band som til livet deg batt,
og lar deg få kjenne, når alt blir
gjort opp,
at meir enn du gav, fekk du att.
i livet du kjenne fekk
at mellom deg og dei andre
levande straumar gjekk
av tillit og varme som styrkte
kvart band som til livet deg batt,
og lar deg få kjenne, når alt blir
gjort opp,
at meir enn du gav, fekk du att.
Haldis Moren Vesaas
............................................
Dette vakre diktet av Haldis Moren Vesaas oppsummerar mine tankar og følelsar i samband med all debatt som har vore i det siste, både når det gjeld flyktningar og valkamp.
Fine ord! Takk for at du delte.
SvarSlettTusen takk for et av mine yndlingsdikt - bare nydelig <3 Så enig i tankene dine. Hilsen Else Britt
SvarSlettVakkert i ord og bilde! Fortsatt fin uke!
SvarSlettJo mer du gir, jo mer får du tilbake - noe å tenke på!
SvarSlettLitt rart er det, men det hjelper å slippe opp, så blir en også rausere i seg selv. Kanskje også mindre selvkritisk eller selvhevdende?
Ønsker deg en fin uke!
Et vakkert bilde, og et flott dikt du deler! Ønsker deg en fortsatt fin uke! :-)
SvarSlettVakkert dikt ♥
SvarSletttil ettertanke...
Ønsker deg en velsigna god onsdag!
Godt sagt.
SvarSlettTakk.
Eit av dei vakraste dikta eg veit om...
SvarSlettTakk for gode ord hos meg :)
Veldig kjekt å kikke innom her hos deg igjen :)