lørdag 27. september 2014

Berga!


Vesle fine blome, du er berga!
Berga inn frå vind og regn.
Ute herjar stormen.
Inne er det lunt.

Vesle fine blome, du kan blomstre no.
Vinden ville dine knoppar øydelegge.
Du får glede meg enno ein gong
før du i vinterdvalen går.

...................

Å vere berga!
For eit flott ord: BERGA!
........

Salme 22:
5 Til deg sette fedrane si lit,
          dei leit på deg, og du fria dei ut.
         
   
  6 Dei ropa til deg og vart berga,
          dei leit på deg og vart ikkje til skamme.

.............................
GOD HELG!

5 kommentarer:

  1. God helg til deg også!

    SvarSlett
  2. Så godt at du fekk berga den fine blomen. Den vil nok glede deg lenge endå. Og jammen blei det ei skikkeleg vérhelg! God helg.

    SvarSlett
  3. Så fint at du berga den fine blimsten! Ja sannelig er de godt det ordet... *God søndag! -Margit-

    SvarSlett

Koseleg med ein kommentar ;-)
(måtte diverre stenge for anonyme då det kom så masse spam)