Små føter vert fort trøtte når dei må gå langt.
Kan du hugsa då du var liten, strekte hendene opp mot ein sterk far og sa: "Kan du bera meg?"
Det kan koma slike tider i eit menneskeliv, då det er tungt å gå vidare.
Det kan vera mange grunnar til det, men uansett grunn:
Det kan koma slike tider i eit menneskeliv, då det er tungt å gå vidare.
Det kan vera mange grunnar til det, men uansett grunn:
Du er aldri forlaten av han som har lova å bera deg.
"Til dykkar alderdom er eg den same, til de grånar i håret skal eg bera dykk..." (Jes. 46,4)
Du som prøver det du kan å skjula dine svake sider, du likar ikkje å vera hjelpelaus,
men det er ein som ser bakom den tilsynelatande sterke fasaden.
men det er ein som ser bakom den tilsynelatande sterke fasaden.
Han ser di hjelpeløyse, dine tårer når du er åleine.
Han ser dine skjulte sår som berre du veit om.
Han kan og han vil bera deg og halda deg oppe ved sitt ord og sine lovnader.
Du skal få lov å vera barn i far sine armar.
Det er ikkje farleg å vera svak når du har ein sterk far!
Du skal få lov å vera barn i far sine armar.
Det er ikkje farleg å vera svak når du har ein sterk far!
..................................
I DAG MÅ DU BERA MEG JESUS
I dag må du bera meg, Jesus! Eg veit ikkje kor eg skal gå.
Men du veit om alt det som ventar. Kva glede og sorg eg skal få.
I dag må du bera meg, Jesus! Mi sjel er som vatn i meg.
Lik redde og oppskremde fuglar flyg tankane mine sin veg.
I dag må du bera meg, Jesus, i lovnaden som du har gitt.
La ordet ditt tala til hjarta så eg kan få sjå det er mitt.
I dag må du bera meg, Jesus! Mi angst og mi bør er så stor.
La sanninga frigjera tanken i kraft av ditt levande ord.
I dag har du bore meg, Jesus! I dag fekk eg sleppa å gå.
I handa di, Far, fekk eg kvila frå alt det eg ikkje forstår.
.................................
Skreve av
Annbjørg Helland Sævareid
Annbjørg har nylig kome med si tredje diktsamling,
"Doggdråpar", utgitt på Sambåndet Forlag.
"Doggdråpar", utgitt på Sambåndet Forlag.
Eg har spurt henne om løyve til å blogge frå bøkene hennar
då eg kjøpte ei diktbok. Og løyve fekk eg :-)
....................................
Med ynskje om God helg til nettopp deg frå meg, Sigrid
Så utruligt fint innlegg,med nydelige og sanne tekster:)akkurat slike ord eg trenger for tida!
SvarSlettGod helg til deg!
Klem fra Lillian
Ja det var vakkert. Eg kjenner det var lettare å verta båten då eg var yngre, no skal eg liksom klara meg sjølv om eg so skal krypa...tull i grunn om me har ein som lån nera oss gjennom det som vert for mykje....
SvarSlettgod helgaklem til deg!
Så sant, og så godt!
SvarSlettYnskjer deg ei god helg!
Så utrolig vakkert<3
SvarSlettHa en fin kveld kjære du,
varm klem:)
Heldigvis Sigrid kan det være slik enten en er fire eller førti :-) jeg vet jeg også, meget godt! men det er en del av det å være menneske tenker jeg, full av følelser, undring, forundring og diverse, takker Gud jeg faktisk for å få føle på alle følelser enten de er av det gode eller de litt mer vonde.
SvarSlettTakk som deler så vakkert, både i ord og bilde, du får tankene mine på gli og det liker jeg vennen.
God helg og varm varm klem til deg.
Rørande og sanne ord Sigrid, du får meg til å stoppe opp i en travel hverdag - så godt :0) Ha en fine kveld og helg :0)
SvarSlettSå hyggelig at du fikk lov å gjengi forfatterens tekster! Nydelig i ord og bilde! Virkelig til ettertanke! God helg til deg også!
SvarSlettIrene
Så flott.....og virkelig sanne ord.
SvarSlettGod varm og fin helg til deg og.
Veldig vakkert,Sigrid, så godt å lese ordene - kjente at jeg ble berørt, så nydelig skrevet om at vi trenger støtte i forskjellige faser og situasjoner i livet.:)Så ønsker jeg deg en god lørdag fra Else Britt:)
SvarSlettFine ord, Sigrid. Likte diktet. Ble rørt av å lese det.
SvarSlettTusen takk for den fine kommentaren på lampa mi:)
Ønsker deg ei god helg
Bli gjerne med på giveawayen min. Kanskje en gave til seg selv eller andre en kjenner?
Klem Tonje
Nydelig! Takk <3
SvarSlettTakk...
SvarSlettHer på bloggen din kan eg finne trøyst og styrke, for livet krev...
Denne kommentaren har blitt fjernet av en bloggadministrator.
SvarSlettTakk for gode og styrkende ord. Du er god:) vi kan vere glade og takknemlige for at han bærer når vi treng det. klem
SvarSlett