tirsdag 6. oktober 2009

Det vi skal gje kvarandre

Det fins bører vi må bæra
det fins smerter i oss
som ingen kan nå
der er rom som er avstengde….
Og likevel kan vi møtast

Å stå ved grinda og gripa ei hand.
La tida vera tid
og elvar renna opne
Ikkje alt fins det ord for
Ikkje alt kan vi gje
eller få

Men dét vi kan gje kvarandre:
å strekkja opne blikk mot einannan
La stengsler vera stengsler,
netter vera netter,
Og gje kvarandre kvile-
ei naken open stund av
nærleik

av Bente Bratland Mæland

Å kjenne nokon som har det vondt...
å kjenne nokon som kjempar...
å kjenne nokon som kjempar sin livs kamp...

det gjer noko med ein sjølv...

3 kommentarer:

  1. Eg er også veldig glad i dikta til Bente Bratlund.
    Dette her er vakker og så sant så sant...
    Når ein har levd ei stund har ein ofte hatt nokre kampar i livet, eller i det minste vore tett på...

    Klem frå Marie

    SvarSlett
  2. Å, det diktet var nydelig...og jeg har ikke lest noe av denne dikteren før,så nå må jeg lete henne opp:-)
    Takk for at du deler...

    SvarSlett
  3. Virkelig et fint dikt, med et godt innhold. Takk for hilsen!

    SvarSlett

Koseleg med ein kommentar ;-)
(måtte diverre stenge for anonyme då det kom så masse spam)