fredag 4. september 2009

Mathias

Eg er veldig glad i blomster.
Heile stova er full av dei, i vindauga, på golvet og på borda.
Somme blomster betyr meir for meg enn andre.
Det er blomster som eg har fått eller fått avleggar av med andre eg har møtt på mi ferd gjennom livet.








I dag skal de få "helse" på Mathias. For snart 9 år sidan kjøpte vi huset vårt. Han som hadde eigt det før gav oss ei vakker Fredslilje og sa: "Eg vonar det forsatt vil vere fred i mellom oss!" Det har det heldigvis vore. Fredslilja er blitt stor og eg har potta den om fleire gonger. I fjor fekk den flytte saman med oss hit til huset vårt.

I sommar døde Mathias. Det er trist å ikkje møte den spreke gamle mannen som alltid hadde lyst til å ha ein prat når vi møttest. Mathias lever ikkje lenger, men det gjer Fredslilja som no er eit vakkert minne for oss.
Fred over Mathias sitt gode minne!

2 kommentarer:

  1. Fredsliljor tycker jag om, och de ska visst vara så väldigt bra för luften vi andas. Så fint av en äldre man att ge er något så symboliskt vid överlämnandet. Ja, fred önskar jag er också - över hus och hem och mellan er och oss. GUDS FRED!

    SvarSlett
  2. ohhh det var nydelig Sigrid. Og det er en mening med alt. Ting vi gjør er går i arv..selv om de som lever i fremtiden ikke vet det.

    Fikk jeg en ide til ett blogginnlegg.

    klem

    SvarSlett

Koseleg med ein kommentar ;-)
(måtte diverre stenge for anonyme då det kom så masse spam)