mandag 4. oktober 2010

ROSA

Oktober er månaden for Rosa sløyfe aksjonen.

Det er Kreftforeninga sin aksjon for å sette brystkreft i fokus.


Ein kan støtte på mange måtar, enten ved å gi direkte pengar
eller handle ROSA produkt i butikken
eller handle ROSA produkt i Kreftforeninga sin nettbutikk.

Aleine kan vi lite gjere, men saman er vi sterke.

Forskning er viktig!

Når ein har opplevd kreft i nær familie veit ein at behovet er STORT!

søndag 3. oktober 2010

Partitur

Bilete lånt her
................
I lang tid har vi hatt behov for eit nytt kvardagsservise.
Har hatt "ei bikkje av kvar sort", men vi har no vorte mette for det :-)
Men i går hadde eg og husbonden oss ein tur på handel heilt aleine..
Og det enda med at vi i går kveld innvia vårt nye servise med heimelaga Pizza.
......................................
...............................................................
I går var det lommeboka som valgte for oss...
Når ein kan få det flotte servise
Partitur til 1/2 pris
er det berre å slå til..
.......................................
Partitur er eit spennande servise:
"Dekoren består av detaljer fra Arne Nordheims partitur til balletten
«Stormen»,
som er basert på Shakespeares skuespill med samme tittel.
Partituret har inspirert
kunstneren Ole Lislerud
til å skape den energiske og kontrastfylte
dekoren Partitur."
..................................................
Ha ei vakker ny haustveke
med eller utan storm!

lørdag 2. oktober 2010

Er den ikkje fin?


dette er ein av mine mange orkidear..
det er alltid ein eller fleire som blømer..
dei fleste av dei kjem igjen og igjen..
alltid spennande å sjå etter nye skudd..

eg trur orkidé er min favorittblome :-)

YNSKJER DEG EI GOD HELG!

torsdag 30. september 2010

symbiose






















eller avhengig av..
kjenne på smerten når banda vert avrivne..
vite at dette FARVEL er for alltid..

10år etter står eg midt i livet,
men fortsatt i sorg over det tapet
det var å misse..

MAMMA

finst det noko vakrare ord...

Etterord: Mamma døde av kreft 71år gamal.
Vi fekk eit år saman etter at diagnosa vart klar.

onsdag 29. september 2010

Himmelsk Pastell

Slik er kveldane og slik er morgonane..
Vakre med rosa farge!

Himmelsk Vakkert
Himmelsk Pastell
Dette er mitt bidrag til Petunias sin Himmelske utfordring.
Fleire bidrag finn du her

tirsdag 28. september 2010

Humor med alvor i

DET ER KUN
LODOTTER
SOM
KOMMER
AV SEG SELV....


ALT ANNET MÅ DU JOBBE FOR...
.......
Fant dette sitatet opplimt ved disken på ei bedrift eg var innom.
Syns den var så god at eg måtte skrive den ned og
ikkje minst dele den med alle mine gode bloggvenner..
Her skin sola, men jobbe må ein likevel..
Pausa er slutt for i kveld, vi bloggast ;-)

mandag 27. september 2010

En droppe

Toril, som er ei skulevennine frå maaange år tilbake,
har valgt å bo på andre sida av jorda.

Der driv ho eit fantastisk arbeid for dei som lite og ingen ting har.

Bilete er lånt frå bloggen hennar.

Viktig det ho minner oss på:

At vi kan bryte kvarandre ned
og
vi kan bygge opp!

Ha ei vakker ny veke der
du
kan vere den dråpen som gjer at også andre flyt!