torsdag 13. mai 2010

Helgetorsdag




Det er Helgetorsdag som gamle folk seier..
Eller Kristi Himmelfartsdag som det offisielt heiter.
For svært mange er det berre ein etterlengta raud dag på kalendaren.
Eg for min del er glad for at vi har denne dagen.
Den markerar ei ny epoke i Jesu liv.
Og i livet til oss som vil høyre Jesus til.
Jesus kan no vere alle stadar,
her hjå meg og hos deg på same tid.

VONAR DU HAR EIN
GOD KRISTI HIMMELFARTSDAG
DER DU ER!
ps: eg sit i sola!

.....................................................................................................................................................
Kristi himmelfartsdag (latin: ascensio Domini) er en kristen bevegelig høytidsdag som feires 39 dager etter 1. påskedag (altså 40. påskedag), det vil si torsdag mellom 6. og 7. søndag i påsketiden. Kristi himmelfartsdag faller på 13. mai i 2010, og på 2. juni i 2011. Den feires til minne om at Jesus Kristus ifølge Evangeliet etter Lukas skal ha fart opp til himmelen 40 dager etter sin oppstandelse.

Festen ble antagelig innført på 300-tallet, da enkelte kristne kirker begynte å feire den som egen fest. Det første kjente eksempel på at denne finnes i en liturgisk kalender er fra begynnelsen av 300-tallet, da synoden i Elvira avviste en skikk med å begynne en ny fasteperiode etter den førtiende dag. Begrunnelsen for en slik faste ser ut til å ha vært at man ville markere at Kristus var tatt bort fra jorden. Feiringen nevnes også i prekener av St Johannes Krysostomos og andre.

I Norge er Kristi himmelfartsdag en offentlig høytidsdag som ofte kalles bare «Kristi himmelfart», eller spøkefullt «himmelspretten». Kilde: Wikipedia
........................................
Kristi himmelfartsdag er 40 dager etter Kristi oppstandelse og faller alltid på en torsdag.

Jesus hadde levd et liv, geografisk og historisk bundet til en bestemt tid og et bestemt område. I og med himmelfarten ble han hevet over tid og rom. Han kan være alle steder på en gang. Han har all makt i himmel og på jord. Men himmelen kan ikke stedfestes. Himmelen er der Gud er.
Funne her.

tirsdag 11. mai 2010

Innekos


Når våren let vente på seg..

Kva gjer ein då?

Då må ein prøve lage det koseleg inne..

På kjøkkenet har eg laga ei gruppe.

Engelen har eg fått med nabo Trude.

Avleggar av Fucsia er tatt

frå morplante fått av RandiA.

Eva har gitt meg Alpefiol og stein med skrifta:


STOL PÅ HERREN AV HELE DITT HJERTE


Det er godt med gode naboar og venner!!

.............................................................................................

Akkurat no skin sola, men det er kaldt.

Før i dag snøa det.

Ein får ta det med godt humør :-)


mandag 10. mai 2010

Tårene trilla...

Takk til Trude Lorentzen for løyve til å bruke bilete.
Bilete viser henne og mora.


Når ein er glad i nokon må ein også leve med sorga når ein mister dei.

Somme dagar kjenner ein meir på sorga enn andre.



Eg har vore heldig!

Eg fekk behalde begge foreldra mine til at eg sjølv vart vaksen.

Til at eg klarte meg på eiga hand.

Andre mister foreldra sine medan dei er barn eller ungdom.


I dag har eg lest eit stykke som står i nettavisa til Dagbladet.



Tårene trilla!



Så viktig at nokon set ord på denne sorga som rammar svært mange.


Det å miste ei mor eller ein far medan du sjølv berre er eit barn.

Ekstra spesielt og vanskeleg vert det når foreldra har valgt å forlate livet.



Eg trur vi alle har godt av å lese om andre si sorg og

gjennom det få meir innsikt i andre sitt liv.

fredag 7. mai 2010

Skyfri

Bilete lånt på yr.no

Tenk så herleg!

yr.no opplyser om at stort sett heile Noreg er skyfri i dag.

Vonar alle får nyte ein smakebit av det vi har i vente.
Ja, for vi vil vel gjerne tru at det skal bli flest soldagar framover?


Ha ei vakker helg og hugs:
CARPE DIEM/GRIP DAGEN min venn!!


torsdag 6. mai 2010

Vår

Som tidlegare nemnt har eg sansen for Ivar Aasen...
Han som ofra kjærleiken for å gi oss Ny-norsken..

Her eit dikt som passar godt i desse dagar:

Vaardagen
Dikt. 1875
Av Ivar Aasen


1. Upp av Krakken! Sumarsoli skin i grøne Bakken;
Jordi heve fenget Helgar-Plagget paa,
Skogen stend i Lauv so lysteleg aa sjaa.
Livet lettnar,
Vollen turkar seg, og Vegen slettnar.

2. Varma Guster
leda Lauvet paa dei grøne Ruster.
Nyst var Regn, og Jordi fekk sitt milde Bad,
reint er kvart eit Straa, og laugat kvart eit Blad;
Toppen sprikjer,
Blomen slær seg ut, og Bladet slikjer.

3. Inn um Glaset
fær eg Angen av det grøne Graset.
Vist er Vinden rik paa Liv og Lækjesaft
ut eg vil og sanka Helsebot og Kraft;
alt for lenge
sat eg inne som ein Fugl i Stenge.

4. Kvar ein kagar,
alltid nokot nytt seg uppedagar.
Nye Blomar spretta fram paa alle Rom;
lette Fivreld' yppa seg fraa Blom til Blom;
Fuglar sviva
upp med Song og rundt um Rusti driva.

5. Kvar ein lyder,
Liv og Ljod paa Viddom fram seg byder.
Lat oss ganga seint og sjaa oss vel i Kring:
Vegen er so full av fagnadsame Ting.
Langa Stunder
treng eg til aa sjaa paa desse Funder.
1)

1) Opdagelser.

Ynskjer alle ein vakker Vårdag!

søndag 2. mai 2010

Eg gløymer aldri...


Bilete funne her

- å sjå ei mor stå ved kista til sin eldste son,

sjå smerten i augene dine..

- å sjå ei kone som mista mannen ho hadde vore gift med i

over 25år, kjenne på den djupe avmakta du føler..

- å sjå og høyre den yngste sonen halde ei gripande minnetale, 

om ein far som alltid var nær sønene sine..

- å sjå deg der du stod ved grava og visste at alt er over no..

...............................................................................


Så ta da mine hender


Melodi: Julie von Hausmann / Tekst: Peter Waage

Så ta da mine hender
og før meg frem
inntil jeg salig ender
i himlens hjem!
Jeg kan ei gå alene,
nei, intet sted.
Hvor du meg fører ene,
jeg følger med.

La intet mer meg skille
fra nåden din,
og gjør meg ganske stille,
o Jesus min.
Ved dine føtter ene
er barnet trygt,
på deg, på deg alene
min tro er bygt.

Selv om jeg ei fornemmer
din sterke hånd,
min salighet dog fremmer
din gode Ånd.
Så ta da mine hender
og før meg frem
inntil jeg salig ender
i himlens hjem.

lørdag 1. mai 2010

Velkomen kjære Mai!

Endeleg er du her kjære Mai,

deg har vi venta på lenge.

Du har så mykje forventning

med deg når du kjem.


Mai, du må ikkje gløyme at

du eigentleg skal vere skjønn

og mild?


I dag, som er den fyrste dagen,

har du ikkje vore det for meg.

Når haglebygene slår mot

vindauga og eg må fyre i omnen..


Då er du ikkje slik du skal vere.

Men kanskje du prøvar deg på 

ordtaket: 

Mai kulde gjør bondens lader fulle.

.................................................................................................


En kald vår gir en rik høst,

-- og må vi tro; en fin sommer. 

Noen steder heter det:

"April væte og mai kulde gjør bondens lader fulle". 

Meir om vær og værmerker finn du her.