torsdag 9. juli 2015

SKODJE BRU


NYDELIGE SKODJE BRU FRÅ 1922.

LITT INFORMASJON:

Skodje bru, som var ferdigstilt i 1922, skal vere den største buebrua i Skandinavia, og er eit arkitektonisk og handverksmessig meisterverk. Steinen i bogane og i endekara er handhogd. Bindingsmuren er gjort av brun klinkerstein.
No er den gamle brua stengt for biltrafikk, og ei ny bru, Straumsbrua, teken i bruk frå 3. juli 2004.
Området ved Straumen og den gamle brua er ei perle, og ved bygginga av ny bru vart det lagt vinn på at den nye brua skal stå arkitektonisk i harmoni til den gamle brua. Dette har ein lukkast med, og området framstår no som ein attraksjon det er vel verdt å få med seg. Skodje bru er blitt gang- og sykkelveg, og skal takast vare på som kulturminne. Statens vegvesen har lagt til rette for publikum mellom anna med eit utkikkspunkt og parkeringsplass på nordsida av nybrua. Det er her også lagt til rette for funksjonshemma. Den nye brua har fortau og er opplyst, og den gamle brua vil bli lyssett for at den skal kome til sin rett også på kveldstid.  (henta frå her)



STRAUMSBRUA SOM VAR NY I 2004 ER OGSÅ VAKKER Å SJÅ PÅ.

.....................
SOMMAREN HAR HITTIL VORE KALD. MEN INNIMELLOM GLIMTAR DET TIL.
DÅ ER DET BERRE Å "KASTE" FRÅ SEG ALT EIN HAR I HENDENE OG KOME SEG UT I DET FRI. 

ER DU PÅ SUNNMØRE ER EIT BESØK PÅ SKODJE BRU VEL VERDT Å FÅ MED SEG.


................................


10 kommentarer:

  1. Ja, den brua er av dei vakraste.
    Når me ser den snakkar me om for ein fantastisk ingeniørkunst det var, og alt slitet
    det var å bygge den.
    Det må vere fint for turistar å sjå desse bruene.

    SvarSlett
  2. Flotte broer, men den gamle er nå mest imponerende da! :-)

    SvarSlett
  3. Gorgeous shots, especially that first one!

    SvarSlett
  4. Enig me Sigrid fra Enget. Den eldste er den vakreste.
    Klem :)

    SvarSlett
  5. hei Sigrid
    gjett hvem som vant lotteriet inne hos meg..??! :)
    jeg blir borte et par uker nå. send meg en e-post, så avtaler vi et treff for avlevering av premie? :)
    jeg svarer på eposten din så snart jeg er tilbake :)

    SvarSlett
  6. Skodje bru! Den har eg køyrt over, men eg forstår at det er ei stund tilbake i tid, sidan eg ikkje ein gong visste at det var kome ei ny bru... Men sikkert lurt - då vert den gamle arkitekturen bevart over lengre tid!

    God helg!

    SvarSlett
  7. Ei vakker bru og et flott område, jeg kjører forbi når jeg kjører "andre veien" hjem fra jobb men det blir sjelden - neste gang tror jeg at jeg skal ta med kamera og stoppe på veien:)

    Håper du har det godt, her er det pakking og spenning - snart ferietur:)
    Varm klem til deg
    Hanne:)

    SvarSlett
  8. Takk for tips :) Vi er klar for Vestlandet og Sunnmøre og litt av hvert, i morgen farer vi av gårde, litt på lykke og litt på fromme og litt planlagt :)
    Sommerklem til deg!

    SvarSlett
  9. Ja, det er flotte bruer, særlig den eldste. Kjører av og til inn over der, fint landskap.
    Og du tar gode bilder!

    SvarSlett
  10. Ei vakker bru .... syns det var noe kjent med den og sjekket hvor den ligger på kartet. Og joda, jeg har kjørt over denne, om jeg ikke husker feil så var det sommeren 2000. Skal på MC-tur på nordvestlandet i sommer og kanskje legger vi veien om Skodje bru :)

    God helg!

    SvarSlett

Koseleg med ein kommentar ;-)
(måtte diverre stenge for anonyme då det kom så masse spam)