tirsdag 14. juni 2016

Herren er min hyrding!


        1  Herren er min hyrding,
          eg manglar ikkje noko.
 
   
  2 Han lèt meg liggja i grøne enger,
          han fører meg til vatn der eg finn kvile.
 
   
  3 Han gjev meg nytt liv.
          Han leier meg på rettferds stigar
          for sitt namn skuld.
          


   
  4 Om eg så går i dødsskuggens dal,
          er eg ikkje redd for noko vondt.
          For du er med meg.
          Din kjepp og din stav,
          dei trøystar meg.
 
   
  5 Du dukar bord for meg
          framfor mine fiendar.
          Du salvar mitt hovud med olje.
          Mitt beger renn over.
 
   
  6 Berre godleik og miskunn
          skal følgja meg alle mine dagar,
          og eg skal bu i Herrens hus
          gjennom alle tider.




.....................................
Når eg ser sauene som så tillitsfullt beiter rett over gjerdet frå der vi bor.
Når eg ruslar rundt i hagen vår.

Då senkar ein fred seg og eg kjenner på kor godt eg har det.
Ikkje alle dagar er like enkle og ikkje alle dagar klarer eg å kvile i denne freden.

Uansett har eg ein å gå til. 
Ikkje berre alle dagar, men alle slags dagar.

Og det er ikkje min fred eg skal kvile i,
men i den fred som Jesus gir.

 "Fred etterlèt eg dykk, min fred gjev eg dykk. Eg gjev dykk ikkje fred på same måten som verda gjer det. Lat ikkje hjartet dykkar uroast, og ver ikkje motlause!"





7 kommentarer:

  1. Ha ein fin torsdag i solskinet.

    Klem frå Anne-Mari

    SvarSlett
  2. Nei, ikke alle dager er like enkle, men det er godt en kan nyte hagefred og frisk luft. Det gjør godt for sjela, i alle fall min :)

    Klem fra Irene som akkurat nå nyter sjølufta i Nevlunghavn

    SvarSlett
  3. Dette er så uendelig vakre ord! :)

    SvarSlett
  4. Tusen takk for at du deler disse gode ordene, vi trenger å bli minnet på hvor vi kan gå i sorg og savn. Gode tanker til deg :)

    SvarSlett
  5. Takk for gode bibelvers med vakre bilder til, og for fine tanker rundt det. Klem fra Marit Johanne

    SvarSlett
  6. Takk Sigrid!
    Og midt i Guds omsorg,
    der er du.

    "MinsteBrorKlem"

    SvarSlett
  7. Ønsker deg en flott sommer!

    SvarSlett

Koseleg med ein kommentar ;-)
(måtte diverre stenge for anonyme då det kom så masse spam)