tirsdag 1. mars 2016

Kva gåver gir du andre?




Ein trenar brukar ofte å fortelle historia om ein suksessfull businessmann frå New York, og ein usedvanlig tilfreds munk frå Tibet. Uansett kva som blei sagt til munken fortsatte han å vere like tilfreds og upåvirka. Businessmannen hadde høyrt om denne munken, og bestemte seg for å teste ham ut.
Businessmannen drog heile vegen til Tibet, og kom omsider fram til klosteret der munken bodde. Han fekk straks auge på munken som sat fredfull på ein benk under eit fargerikt, tibetansk kirsebærtre.

«Vi får sjå kor lenge han kjem til å smile det vesle smilet sitt,» sa businessmannen sjølvsikkert til seg sjølv, og begynte med ein gong å fornærme munken på det grovaste. 
Han håna, harselerte og ironiserte.

Til slutt måtte han likevel gi opp.
Munken, like fredfull som alltid, bøygde seg forsiktig fram mot mannen og spurte: 
«Kan eg stille deg eit spørsmål?»
«Ja..» svarte mannen, hes etter tiraden.
«Hvis eg vil gi deg ei gåve, og du velge å ikkje ta i mot den. Kven tilhøyrer då gåva?»
«Då tilhøyrer den fortsatt deg,» svarte mannen snurt.
Munken smilte. «Det er korrekt. Så hvis eg velge å ikkje ta i mot di fornærming og 
ditt sinne, tilhøyrer det ikkje då fortsatt deg?»
For fyrste gong på fleire år vart businessmannen sittande mållaus.

For å summere opp, ikkje la andre sin dårlige dag øydelegge din dag!

Vær samtidig merksam på kva “gåver” du gir ut i din kommunikasjon med andre.
Når vi møter mennesker, er vi enten med på å bygge dei opp, eller bryte dei ned.

14 kommentarer:

  1. Takk for eit godt innlegg.
    Me treng nok alle denne påminninga.

    Ynskjer fin marsmånad til deg og dine.
    Klem

    SvarSlett
  2. Fin historie :-)) God uke til deg!

    SvarSlett
  3. Takk for fin historie med et godt budskap! 😊

    SvarSlett
  4. Så fin historie! Virkelig til ettertanke og et klokt budskap :) Ha en flott marsuke!

    SvarSlett
  5. Takk! - Såååå VIKTIG!
    Og da passer:
    "Fremgang og glede spirer
    når ruging på egne
    og andres elendighet
    tar slutt".

    :-)

    Takk for kommentar hos meg!

    SvarSlett
  6. Kloke ord!
    Må din dag bli god! :)
    *klem*

    SvarSlett
  7. Virkelig en bra historie!...og ikke minst viktig å huske på hva vi gir til andre.
    Fin kveld til deg:)

    SvarSlett
  8. Dette er virkelig kloke ord ... og en fin påminnelse.

    Ha en fortsatt fin uke .... klem fra Irene

    SvarSlett
  9. Den er utruleg fin, og takk for at du delte denne her... Lenge sidan eg las den. Det er so mykje sanning i dette, og ein særs god måte å formidle noko viktig på <3

    SvarSlett
  10. Så sant, så sant! Ha en strålende ny uke! :)

    SvarSlett
  11. Så fantastisk go historie! Verdt en ettertanke. God påske!

    SvarSlett

Koseleg med ein kommentar ;-)
(måtte diverre stenge for anonyme då det kom så masse spam)