søndag 17. mai 2015

Gratulere med dagen!


Vonar alle har hatt ein flott 17.mai!
...............
Image0009

 Gud signe vårt dyre fedreland
 
 Gud signe vårt dyre fedreland,
 og lat det som hagen bløma.
 Lat lysa din fred frå fjell til strand
 og vetter for vårsol røma.
 Lat folket som brødre saman bu,
 som kristne det kan seg søma.
 
 Vårt heimland i mørker lenge låg,
 og vannkunna ljoset gøymde.
 Men, Gud, du i nåde til oss såg,
 din kjærleik oss ikkje gløymde,
 du sende ditt ord til Noregs fjell,
 og ljos over landet strøymde.
 
 Vil Gud ikkje vera bygningsmann,
 me fåfengt på huset byggja.
 Vil Gud ikkje verja by og land,
 kan vaktmann oss ikkje tryggja.
 Så vakta oss,Gud, så me kan bu
 i heimen med fred og hyggja!
 
 No er det i Noreg atter dag
 med vårsol og song i skogen.
 Om sædet enn gror på ymist lag,
 det brydder då etter plogen.
 Så signe då Gud det gode såd
 til groren ein gong er mogen.

 Elias Blix

4 kommentarer:

  1. Akkurat det samme har jeg også "sagt" i dag!
    Så mye sant det er i denne teksten!
    Dagen har vært fin hos oss, på alle måter!
    Det takker jeg Gud for.
    Håper dere også har hatt det fint!.-Margit-

    SvarSlett
  2. Vona dagen har vore fin inn med dokke også.
    Me har hatt det fint.
    Gått i tog, litt samling ved skulen.
    Etterpå heim til
    oss for brennsnut og dessert.
    Til slutt hadde nesten heile familien vore innom.
    Kjekt, men kanskje lite sosialt i høve til å vere lenge inn i bygda...
    Skal eg vere heilt ærleg lika eg det best slik, tole ikkje så godt mykje ståk og prat.

    Vona dokke også har hatt ein fin dag..

    SvarSlett
  3. Vel overstått nasjonaldag; her ble det lite feiring, men regnet holdt seg unna de som gikk i tog ihvertfall.
    Idag skinner sola, og varmegradene øker med den;)
    Nyt maiuka, klem:)

    SvarSlett
  4. 17. mai er vel overstått ja - og heldige oss som bor i dette flotte landet ♥
    God ny uke til deg!

    SvarSlett

Koseleg med ein kommentar ;-)
(måtte diverre stenge for anonyme då det kom så masse spam)