tirsdag 28. oktober 2014

Saman og alikevel to steg tilsides frå kvardagen..



(forts på: Omveg til Geiranger)
Vi kom oss endeleg over fjorden frå Hellesylt til Geiranger. 
Ein flott fergetur som turistane elskar å ta om sommaren. 
Litt forsinka kunne vi starte på kurset vårt.

Når ein er saman med SÅ mange folk som har ansvar for barn og unge i kommuna der eg arbeider er det ei heilt spesiell atmosfære. Vi har så mangt å snakke om og så mangt å dele. Godt å vere ein del av eit stort fellesskap som har eit hovudmål: "Saman for barn og unge". Kjekt å bli betre kjende med kvarandre, det gjer det lettare når ein seinare skal ha kontakt.

Alikevel var det godt å kunne trekke seg litt vekk på rom 350 på Union Hotell. Nyte den vakre utsikta. Nyte det å vere aleine.

Litt hotell luksus er det også godt å kunne nyte!

Forts følger :-)

6 kommentarer:

  1. koselig --- håper du trivest inni fjorden ;)

    smil fra monika

    SvarSlett
  2. Det vart vel det ein kallar "Kinareis " turen til Geiranger. Denne tida er det mangt som skjer i naturen
    og i desse dagar er det heilt spesielt. Eg hugsa ein gong me hadde skyssbåt dit inn, og møtte ei lita campinghytte flytande på fjorden. Eit ras hadde gått på Homlong...
    Godt å få slappe av på hotellromet, men eg tvila kje på at det var kjekt å treffe kollegaer i ei anne setting enn den vanlege.
    Håpe regnveret gir seg..

    SvarSlett
  3. Den turen tok eg omvendt veg i sommar, majestetisk! :D Kjekt å vere i lag og kjekt å vere aleine og fordøye :D
    Klem og fortsett godt seminar til deg.

    SvarSlett
  4. Lyder som et godt kursus SIgrid. Så dejligt at være sammen med folk der brænder for det samme som en. Og sikke et smukt landskab. Er det hvor I er? Knus

    SvarSlett
  5. Å kunne trekke seg tilbake er noen ganger uvurderlig.
    Klem :)

    SvarSlett
  6. Hei og god kveld :)
    Eg kjem med nytt om at du er den heldige vinnaren av hekla stjernerekkje hjå meg. Send med ein mail med namn og adresse, så er snart stjernene på veg til deg. Mailadressa er; lykkelise@hotmail.com
    Siri

    SvarSlett

Koseleg med ein kommentar ;-)
(måtte diverre stenge for anonyme då det kom så masse spam)