lørdag 31. oktober 2009

Gamletante

teikninga er lånt på http://www.nettdoktor.no/graviditet_foedsel/artikler/flerlinger/images/amme_tvilling03.gif


Eg er blitt gamletante...
Gamletante, sjølv om eg ikkje er gamal ;-)

To små gutar fekk sjå dagens lys fleire veker for tidleg..
No ligg dei i kuvøse og blir overvaka...
Det vert ei spanande tid framover for heile familien...
Særleg for foreldra, men også for svigerinna mi som vart farmor,
for svigermor og svigerfar som vart oldeforeldre...

Og på grunn av frykt for svineinfluense får dei ikkje ta imot besøk heller...

Kvar gong eg er på ein klebutikk har eg sett på små plagg, men ikkje handla..
No treng dei veldig små plagg..
Gamle tante finn nok noko fint til dei små gulla..


Så rart når slektstreet får to nye skudd...
Så rart, men også naturleg..
Slekt skal følge slekters gang.....

2 kommentarer:

  1. Gratulerer til både gammeltante og dei andre i familien :)
    Håpar at dei små snart er store og friske nok til å kome heim til familien sin :)

    God helg :)

    SvarSlett
  2. Gratulerer som gamletante. Tvillingar er fascinerande!

    SvarSlett

Koseleg med ein kommentar ;-)
(måtte diverre stenge for anonyme då det kom så masse spam)