søndag 18. oktober 2009

Fager kveldsol smiler



Fager kveldsol smiler over heimen ned,
jord og himmel kviler stilt i heilag fred.

Berre bekken brusar frå det bratte fjell,
høyr, kor sterkt det susar i den stille kveld!

Ingen kveld kan læra bekken fred og ro,
ingi klokke bera honom kvilebod.

Så mitt hjarta stundar, bankande i barm,
til eg eingong blundar i Guds faderarm.

(Rinck/Hognestad)



Dette er eit innlegg til minne om mamma. For 9 år sidan døde ho av kreft.
Ho vart berre 71 år. Ho var den beste mamma som tenkjast kan.

Ho var ei støtte for alle ho møtte på sin veg.
Når eg og søstra mi var små sat ho på sengekanten og sang til oss.
Spesielt hugsar eg at ho sang "Fager kveldssol smiler".

Den dagen ho døde visste eg at eg og mine hadde mista ein forbedar.
Eg tenkjer ofte på mamma og på det ho var for oss alle.

No i oktober er det ein aksjon for å støtte Kreftforskning.
Ein rosa sløyfe aksjon som det er verdt å støtte. http://www.rosasloyfe.no/

6 kommentarer:

  1. Det første ej tenkte da ej såg sangteksten va at den minnte mej om ho mormor.. Huska at ho sang den til oss når ho passa oss :) Ho va den aller beste mormora <3

    SvarSlett
  2. Så vakkert dette var! Den sangen er bare så fin og god. Så synd at din mor døde så tidlig, hun høres ut til å ha vært et godt medmenneske. Min mor ble 96 og døde i mai i fjor. Akkurat det du sier tenker jeg og på: at jeg har mistet en forbeder. Godt å vite at det kommer en oppstandelsens dag da vi skal møtes med våre kjære. KLem fra Margit.

    SvarSlett
  3. Nu fick jag en god sång att ta med mig i sängen och sömnen! Den sjöng vi ofta i kyrkokören jag var med i förut, men nu är det länge sedan jag hade den i mig. Sånger är så betydelsefulla! God natt, och god vecka till dig!

    SvarSlett
  4. Så nydelig innlegg..vakkert....klem,M

    SvarSlett
  5. Fager kveldsol smiler somg mor mi til meg og søstrene mine også då me var små.

    Gode minne. Forstår godt at du saknar mora di. Eg misste far i nittiein og eg saknar han ofte. Mor lever ennå, ho er åttiseks år.

    Hugs at om me misser ein forbedar, forsvinn ikkje bønene, dei ligg i gullskåler i himmelen...

    Klem frå Marie

    SvarSlett
  6. Det är klart att vi ska stötta kreftaksjonen. Min mamma fick blodkreft tidigt detta året, men hon mår idag bra men går fortfarande till behandling. Det är många som har bett och tänkt på henne, så hon har varit omsluten av kärlek på alla sidor. En nydelig sångtext - hade inte hört den. Kram

    SvarSlett

Koseleg med ein kommentar ;-)
(måtte diverre stenge for anonyme då det kom så masse spam)