onsdag 30. november 2011

Heldige meg!

For ei tid tilbake deltok eg i eit blogglotteri hjå
Det smager altid lidt af fugl
bloggen til Tina finn du her

Og der vann eg 3.premie!

I går fekk eg pakke frå ISRAEL :-)
Lurer på korleis 1 og 2.premie vart når eg fekk så mykje...

Tusen takk til danske Tina som er gift i Israel. Alltid kjekt å fylgje med på det ho skriv.
Nydeleg snop dei lagar der nede! Har ikkje ete opp alt, må spare litt til JUL!

I dag har eg sendt gåve til USA. Den yngste tantejenta mi er utvekslingsstudent der borte.
Og ho vil gjerne ha norsk Sjokolade.. Satsar på at gåva kjem fram til Jul.

Tenk 1.des i morgon...

torsdag 24. november 2011

Himmelsk bru


Eg lengtar visst tilbake til sommaren :-)
Dette bilete er tatt i sommar ved 
Gudbrandsjuvet i Valldal.
......
Hver torsdag:
har Himmelsk nr.60 
og eg er med for 56 gong.
Sjå innom henne for fleire Himmelsk bilete. 

onsdag 23. november 2011

KAN JEG FÅ SMITTE DEG LITT?



Ref:
Kan jeg få smitte deg litt med ekte glede?
Få smitte deg litt med et lite smil.
Kan jeg få smitte deg litt, bli med å spre det.
Kjærlighet fra Jesus Krist.

Det finnes mye som jeg enda er for liten til,
som å jobbe i skole eller på en fabrikk.
Men jeg kjenner Jesus og han har ansatt meg,
til å gi deg noen godord til glede for deg.

Ref.

Tenk at det finnes en som bare vil hjelpe oss
til å leve det livet som er verdt å leve.
Jesus sa at alle sammen må bli som barn,
for å skjønne at livet er skapt av ham.

Ref.

------------------------------------
Syns denne barnesangen er SÅ flott!

I dag møtte eg ein heil flokk med ungdommar på butikken.
med eit smil delte dei ut Twist og pepperkaker,
for i dag er nemleg:

MOT til å glede-dagen

Eit kjempeflott tiltak som såg ut til å glede
både dei som blei møtt av ungdommane og ungdommane sjølve.

MOT er ein organisasjon som 
MOT har livet til ungdom i sentrum
MOT bevisstgjør ungdom til å ta egne valg og vise mot -
MOT til å leve, MOT til å bry seg og MOT til å si nei.

Les meir om MOT her

lørdag 19. november 2011

Dagens smil



Syns denne stripa med Tommy og Tigeren var både morsom og alvorleg.
Den som er mor må nok kunne ordne opp i det meste, men...
Ikkje alltid så enkelt som Tommy trur:
"Du får ikke bli mamma hvis ikke du kan fikse alt mulig!

Godt vi bur i eit godt utbygd helse Norge med tilbod til hjelp om ein føler for det.
Ein bør ikkje vere redd for å ta kontakt om ein treng nokon å snakke med.
Det fyl ikkje med oppskrift når ein får born...

God helg til alle, både mammaer og andre som stikk innom!

torsdag 17. november 2011

Himmelsk ferjetur

Mobil er kjekt å ha når fotoapperatet streikar :-)


På veg heim frå to flotte dagar på Ulla tok vi ferga heim frå Haramsøya. 

Eg måtte opp på øverste dekk for å nyte den vakre utsikta. 

Dette kan ein verkeleg kalle ein Himmelsk ferjetur.


For fleire Himmelsk motiv besøk:
4987378325_b77095bd20_b[1]

onsdag 16. november 2011

TO LUKER I HIMLEN

A baby
bilde lånt her


Det største mysterium er ikke mer
enn det: at en ørliten kropp
er våknet til jorden - den nyfødte ser.
To luker i himlen går opp.

Selv fem-trinns-raketter og kjernefysikk
blir puslingers puslespill
når det nyfødte barn med et eneste blikk
beviser at Gud er til.

av André Bjerke

.......
Så herleg å sjå og møte det store under som ein liten nyfødt baby er.
Herleg også å få oppleve dei små vekse opp
og strekke armane mot ein.
I min jobbkvardag er eg så heldig å få lov å arbeide med
mennesker, det er både krevande og givande.

søndag 13. november 2011

Himmelsk sommarminne


dette er mine kjære
dei fire som betyr mest for meg i heile verda
mann og tre tenåringsgutar
........
Kjære mannen min!
Gratulere med farsdagen din!
Vit at eg elskar deg like høgt om ikkje høgare,
sjølv etter snart 25års samliv!

klem frå konemor

........................
eit litt personleg innlegg på 
denne gongen.

Den vakre staden der dei prøvar fiskelukka er
på Sunnmøre.