mandag 26. mai 2014

Tenk om det går...




"Den som sier det ikke kan gjøres
bør ikke avbryte den personen som gjør det!"

"The person who says it cannot be done should not interrupt the person doing it!"

.....................................

HA FIN NY VEKE!

fredag 23. mai 2014

Humlesurr

På ein litt våt og hustrig dag der vi vakna til skodde (tåke) hengande langt nedi fjella. 
Kva passar då betre enn å ta imot utfordringa til Ranten? 
Så her kjem mitt vesle bidrag i kampen for å redde Humla.


                                                          Hvitbladtistel



Har du planter i hagen som gjer at humlene trivast?
Eller ser du dei i grøftekanten?

Ikkje slå heile hagen din :-)
Lat ein bit få stå igjen der villblomane og humlene kan få bu.


Du kan lese meir om Humlebloggstafetten hjå


og 


...............................................
Har ikkje heilt oversikt over kven som har blitt utfordra, men tek sjansen på å utfordre:





Humlebloggstafetten er en del av kampanjen Summende hager som drives av Miljødirektoratet og Det norske Hageselskapet. Du finner de på facebooksiden deres, og på hashtagg #summendehager på Instagram. Verdt å følge!


Lenke til summende hager

lørdag 17. mai 2014

17.mai 2014


GRATULERE MED DAGEN!
--------------

Fagert er landet

Fagert er landet du oss gav,
Herre, vår Gud og vår Fader!
Fagert det stig av blåe hav,
Soli ho sprett og ho glader,
Signar vårt land i nord og sud,
Soleis di åsyn lyser, Gud,
Yver vårt Noreg i nåde.


Tidi ho renn som ei elv mot os,
Fort skiftar sumar med vetter.
Fader, ver alltid Noregs los
Radt til dei seinaste ætter;
Herre, vår Gud, vår Noregs Gud,
Varda vårt land frå fjell til flud,
Lær oss å gå dine vegar!


Signa då, Gud, vårt folk og land,
Signa vårt strev og vår møda,
Signa kvar ærleg arbeidshand,
Signa vår åker med grøda!
Gud, utan deg den vesle urt
Veiknar og visnar, bleiknar burt,
Ver oss du ljoset og livet!


søndag 11. mai 2014

Tulipan glede


Fekk lyst å dele desse tulipanane som Helgeglede på Vivishagerom og litt til!

Dei står og lyser så fint i mot oss når vi kjem inn på tunet.

På pakken eg fekk til bursdagen min i september stod der at dei skulle bli blå.
Så heile hausten og vinteren har eg levd i den trua at eg fekk blå tulipanar til våren.



Den yngste guten vår hadde så god kommentar då eg fortalde at blå plutseleg var rosa.


"Du skal ikkje dømme ei bok utifrå omslaget." 

Og det er viktig ikkje berre når det gjeld bøker og blomster, men også i møte med dei menneska vi møter i livet vårt. Fyrsteinntrykket er ikkje alltid heile sanninga.


♥ Måtte veka di verte god ♥

fredag 9. mai 2014

Kan du? Vil du?



Den gamle diktar Henrik Ibsen har nokre gode visdomsord.


At ei du kan
deg visst forlades,
- men aldri at du ikke vil.
-Henrik Ibsen-

Å vite forskjellen på å ikkje kunne og det å ikkje ville..
Hm..


Berre denne vesle tankerekka
 med ynskje om 

God Helg!

-----------------------
Linka til:

Skywatch Friday

mandag 5. mai 2014

Mai



er å skrape rim av bilruta om morgonen..
sjå at sola står opp
kjenne varmen frå den
finne seg ei krå med kaffikoppen sin
varmen lokker sokkane av
gå barbeint på plenen
og om kvelden berge inn blomane på trappa
for kanskje herr.Frost kan kome i natt også?

delt på Mandagstema

søndag 4. mai 2014

Vårsola


kastar glans over ei gamal pute..
smyg seg inn..
dansar over rommet..

viser meg at vindauga skulle hatt ein vask
at teppet skulle vore støvsuga
avslørar det eg helst vil skjule 
den avdekkar mi sløvheit

 Skit som ein ikkje ser i natta sitt mørke eller morgonen 
og kvelden sitt halvmørke, blir tydeleg når sola slepp til.

-men når sola ikkje skin så saknar eg den-

....................................

Slik er det også i livet mitt.
Det er ikkje særleg godt når ein oppdagar at ein ikkje alltid
er så snill og god som ein ynskjer.
Når ein ikkje rekk over alt ein vil, 
og når ein angrar meir på det ein ikkje får gjort enn det ein har gjort.

For meg er det godt å få synge på denne songen:

1.Du får koma til Jesus med det som er tungt, Med di synd og di sorg og di sut! Du skal vita for visst: Om du kjem som du er, Skal han slett ikkje støyta deg ut.

2. Du får koma til Jesus i motgang og tvil, Og når nedbøygd i mismot du går. Han vil kveikja din hug, Han vil tendra ein smil Og for vinter deg gjeva ein vår.

3. Du får koma til Jesus når gale det gjekk. Du får koma for tusende gong. Han vil reisa deg opp, han vil gle deg igjen. Han vil fylle ditt hjarta med song.

4. Du får koma til Jesus i ungdomens tid. I din manndom og når det vert kveld. Du får koma til Jesus når sola går ned, Og dei nattsvarte skuggane fell.

5. Du får koma til Jesus i Faderens hus. Der hans herlegdom skal du få sjå. Du får vera hos Jesus til æveleg tid. Sei, kva meir kan du ynskja deg då?

Tekst: Trygve Bjerkrheim

.....................................
God søndag og ny veke!