onsdag 19. februar 2014

Gripe stunda..





Akkurat i den stunda
då blåtimen kom krypande
og la seg som eit teppe over vatnet.

Akkurat då kom eg forbi.
Ingen tid å miste, måtte gripe stunda.
Fange lyset, ta vare på minnet.

Akkurat no er vatnet dekka av snøen.
Lyset speglar seg ikkje i vatnet.
Greinene har fått snøkrystallar.

    -Sigrid 18.02.14-







------------------------------------------------------------------------------------------------------------
eit augneblikksbilete held eit augneblikk frå å forsvinne vekk
eit bilete fangar eit minne og fortel ei historie

inspirert av Med kamera på tur 
------------------------------------------------------------------------------------------------------------
Linka til:







søndag 16. februar 2014

Lykke..

"Hvis du tror solskinn bringer deg lykke

da har du ikke danset i regnet."

....................


Bilete er tatt i dag.
Sol og regn "slåss" om kven som var sterkast.
Dei vann kvar sin gong.
Begge er livgivande og høyrer saman.
Etter lang tid med opphaldsvær gjorde regnet ekstra godt.
Og eg og mannen gjekk oss ein liten tur.
Herleg å kome seg ut!!

Deler på:

og


.......................
VONAR ALLE FÅR EI FIN NY VEKE!



onsdag 12. februar 2014

Tida ei gåve!




"All we have to decide is


what to do with the time that


is given to us!"

.
....................


Tida ei gåve!

Hm.. tankevekkande!

og no har vi snart "brukt opp" 1 1/2mnd av 2014...

Ofte kan ein høyre folk seie tida "flyg" ..

Gjer ho det, eller kjem ho?

......

Bilete er ikkje snikreklame for SAS,
men eit bilete på tida som flyg ..

ps: har ofte tenkt det hadde vore herleg å kvilt seg på 
bomullskyene, dei ser så mjuke ut. 




tirsdag 11. februar 2014

Ordtak

                                     


             
  "Range vegen vert ikkje rett

           om det er mange som går han."

                                                                                             - Norsk ordtak -

søndag 9. februar 2014

... møte med deg ...



.. i går møtte eg deg
du kom smilande imot meg som du alltid gjer
i går var du aleine
som oftast er dokke saman du og ho ..

.. når eg ser dokke saman
ser eg banda som er der
band som er knytte i glede og sorg
i over 60års samliv ..

.. eg føler meg alltid sett
i møte med deg
også når eg møter dokke begge
som om det å møte meg er ei glede ..

.. og sjå og bli sett
to viktige grunnpilarar
i menneskelivet
for at ein skal føle seg heil ..

.. sjølv om du er mykje plaga
med helsa di
er det ikkje det som er fokus
i går sa du til meg: ja vi har alle våre plager ..

.. fokuset er alltid andre enn
dokke sjølve
alltid finn dokke både tid og rom
for den som treng dokke ..

.. møte med deg gjorde meg glad 
møte med deg gjorde meg visare
møte med deg gav meg refleksjonar
om sjølve livet ..
------------------------------------------

Å møte eldre folk med mange fleire åringar i livet sitt enn det eg har gjer noko med meg.
Dei har møtt på livet sine mange utfordringar som har tært både på helsa og psyken.
Eg har så mykje å lære av måten dei har møtt både gleder og sorger på.

Mine to gode venner som eg skriv om her har ei heilt spesiell utstråling.
Dei har gjennom livet sine mange kampar lært:

"ALT TIL DYKKAR ALDERDOM ER EG DEN SAME,
TIL DE GRÅNAR I HÅRET, SKAL EG BERA DYKK.
DET HAR EG GJORT, OG DET SKAL EG GJERA,
JA, EG SKAL BERA OG BERGA DYKK."

- JES 46,4 -


lørdag 8. februar 2014

Påske??


Hei og hå kor tida går!

Då eg eg var innom ein Jokerbutikk i går fekk eg litt "bakoversveis".
Side om side med Julesjokolade til 1/2 pris stod Freia sine Påskeegg!

Har tida gått SÅ fort eller?
Eller er nokon ute i alt for god tid?
Etter min kalender er det ikkje Påske før om over 2mnd!!

Og om du lurte, eg kjøpte ikkje!

GOD HELG, MED ELLER UTAN PÅSKEEGG!

onsdag 5. februar 2014

....REMEMBER....


PEOPLE WILL FORGET WHAT YOU SAID,
PEOPLE WILL FORGET WHAT YOU DID,
BUT PEOPLE WILL NEVER
FORGET HOW YOU MADE THEM FEEL.



- MAYA ANGELOU -

.....................................................................

Sitatet over fann eg på materiale etter eit kurs med 
Nina Nakling

(ho fekk oss verkeleg til å tenkje over kvifor vi var der vi var og kva spor vi sett i dei vi møter)

Etter å ha blogga frå 14.juli 2009 er dette mitt innlegg nr.600!

Takk til alle som er innom bloggen enten du 
kommenterar eller ikkje.

Alltid kjekt når nye legg igjen spor.
Og veldig kjekt når "gamle" bloggvenner og 
dei eg kjenner er innom.

...fortsatt fin februar...

LINKA TIL: Skywatch Friday