mandag 3. februar 2014

Ingen er berre det du ser......



Nåken stjele andres vinger
og lyge på seg vidd og vet
og nåken smykke seg med ringer
som visstnok gir identitet
nåken like ikkje seg sjøl
og sprade rundt i lånte fjør
andre trivs på egen kjøl
men vi'kje sei det hvis du spør

Det e lurt å væra åpen og rause
det e'kje smart å fella dommar for fort
det kan vær farverikt og flott hos den tause
og den "verste" vær av flottaste sort
me e alle mer enn me forstår
me ser kun litt av det som foregår
det e spennande det her:
ingen e bare det me ser


Det kan vær storm der det ser stilt ut
det kan vær sårt der det e hardt
det kan vær tøft der det ser snilt ut
og den som true kan vær sart
den beskjedne kan vær ein pøbel
og den rause kan vær stri
og den som ser ut som et "møbel"
kan vær et fyrverkeri


Det e lurt å væra åpen og rause
det e'kje smart å fella dommar for fort
det kan vær farverikt og flott hos den tause
og den "verste" vær av flottaste sort
me e alle mer enn me forstår
me ser kun litt av det som foregår
det e spennande det her:
ingen e bare det me ser


Me e kver og ein ei gåta
et lite univers
ikkje lette å bli kloke på
me forsøke å forstå oss
på kryss og på tvers
men har veldig langt igjen å gå


Det e lurt å væra åpen og rause
det e'kje smart å fella dommar for fort
det kan vær farverikt og flott hos den tause
og den "verste" vær av flottaste sort
me e alle mer enn me forstår
me ser kun litt av det som foregår
det e spennande det her:
ingen e bare det me ser


-Bjørn Eidsvåg-

---------------------------------------------------------------
Kirkens Bymisjon har gitt ut ei spennande bok: 

Då eg Googla tittelen kom eg over denne flotte sangen av Bjørn Eidsvåg.

Les den og gruble på den.

fredag 24. januar 2014

Blått hav



blått hav
bølgene bryt imot land
arbeider

blått hav
noko å kvile augene på
no når det stormar

blått hav
stormar i livet til nokon
nokon eg bryr meg om

blått hav
salte tårer
renn nedover kinnet

blått hav
slår imot land
lagar arr i landskapet

-Sigrid 24.01.14-

-----------------------------------------------------------------------------------------------------------

Ein god kollega frå ein tidlegare arbeidsplass har fått livet drastisk endra på få dagar.
Mandag vert ho vert ho operert i Trondheim.

Til dei av dokke som ber: Ver med i ein bønering!
"Sol" vil trenge det no.
♥ ♥ ♥ ♥ ♥ ♥ ♥

mandag 20. januar 2014

VINTERDEKKE / WINTER COVER


VAKKERT VINTERDEKKE 
- HOLMAVATN FOR TO ÅR SIDAN!

......
Med dette gamle bilete, 
som kallar fram gode minner frå kurs på Holmavatn på Jæren,
 deltek eg i 



Eg har tidlegare visst dokke bla. desse bileta frå vakre Holmavatn:



fredag 10. januar 2014

Blås på mi rute




Blås på mi rute når isroser blømer.

Lån meg litt varme når dagen er grå.

Blås på mi rute når kulden er ute.

Lat opp eit auge så eg kan få sjå.



Rimet på ruta tek utsynet frå meg.

Inn gjennom isen kjem berre eit skin.

Send meg eit smil,

ein varmande tanke

slik at det lysnar

i kvardagen min.



Du treng vel ikkje skine som sola.

Du treng vel ikkje å smelte bort alt.

Berre ein liten pust på mi rute

hjelper meg mykje når det er kaldt.



Karsten Oksavik
(Har prøvd å få tak i han for løyve til å bruke diktet.
Men har ikkje fått tak i han. Eg ser at diktet er gjengitt mange stadar på nett.)

...........................

♥ God helg ♥

søndag 5. januar 2014

PRIVAT HUSKEREGEL





Du skal ikke klistre fine øyeblikk 
opp på veggen i tankene 
og forgylle dem med lengselen din. 
Du skal kjøre spettet 
hardt innunder arrete hverdager 
og vippe dem opp. 
En etter en.
  Det er derfor 
livet har deg på mannskapslista.

  ~ Kolbein Falkeid ~

...........................

Innimellom kan eg vere enig med Falkeid.
Vi er nødt til å innsjå at livet er mest kvardagar utan dei store opplevingane.

Når eg ser igjennom bileta mine er det nok mest 
dei fine stundene som har fått plass på minnebrikka.

At livet vandrar mellom sorg og glede har dei siste dagane vist meg.

Fredag 3.jan 14 fulgte eg og svært mange andre Anne Gro til grava.
56 år gamal fekk ho kvile etter mange tøffe år med sjukdom.
Ho var den som ikkje gav opp og som smitta oss andre med sitt gode humør.
Anne Gro hadde ei sterk tru på Jesus som sin Frelsar.
Og midt i sorga fekk vi synge saman:

Midt i nattens mørke blinker
som et fyrlys Jesu navn,
og hver hjelpløs seiler vinker
inn i frelsens trygge havn.
Og når solen mer ei skinner,
Jesu navn, det lyser enn.
Da den frelste skare synger
høyt dets pris i himmelen!


I går fekk vi saman med ein stor venneflokk feire Anita,
ei god vennine frå studietida i Volda,
sin 50års dag.

Slik skiftar livet veldig raskt. Og godt er det at vi har fått evne til å omstille oss.

VONAR AT DU HAR DET BRA I DETTE NYE ÅRET!

TAKK FOR AT DU SER INNOM BLOGGEN MIN. 
VONAR DU VIL FORTSETTE Å FØLGE MINE REFLEKSJONAR OGSÅ I 2014.

fredag 3. januar 2014

Tilbakeblikk: Juli til Desember 2013

JULI


Gode sommarminne frå sjøen!

..............................................................

AUGUST


Ein herleg søndagstur!

......................................................................

SEPTEMBER


København med gode kollegaer!

.........................................................................

OKTOBER


Vakre fotomotiv fann eg på snartur til Nordmøre.
...............................................................................

NOVEMBER



Og i november fekk vi oss ein Røros tur.
Ein flott og koseleg småby.
......................................................................

DESEMBER


Denne vakre engelen heng i stova til systra mi.
Den kan minne oss om det som står i Juleevangeliet:

Men engelen sa til dei: 
«Ver ikkje redde! Sjå, eg kjem til dykk med bod
om ei stor glede, ei glede for heile folket: 

I dag er det fødd dykk ein frelsar i Davids by. 
Han er Messias, Herren. 
Og det skal de ha til teikn: 
De skal finna eit barn som er sveipt og ligg i ei krubbe.» 

Brått var det ein stor himmelhær
saman med engelen; dei lova Gud og song: 
«Ære vere Gud i det høgste, 
og fred på jorda
blant menneske Gud har glede i!

....................................................................................

Eit lite tilbakeblikk over det siste halvåret i 2013!

.......................................................................................

Vonar dokke alle får ei riktig god helg!!


onsdag 1. januar 2014

Nytt år 2014


Det nye året starta med eit smell. Og masse fargar. 
Og eg slapp å bruke pengar på det fordi "alle andre" gjorde det.

YNSKJER DOKKE ALLE 
EIT VELSIGNA GODT NYTT ÅR!!