torsdag 18. oktober 2012

Himmelsk plomme

 
Det vart ikkje den store plommehausten i år,
men dei få som var smakte Himmelsk!
 
.........................
 
Mitt bidrag til
 
 
4987378325_b77095bd20_b[1]

onsdag 17. oktober 2012

Climb a tree - it gets you closer to heaven!

Bilde av eit bilde: Kjøpt på Kremmerhuset!
 
Kremmerhuset har masse flott!
Blandt anna dette bilete som eg kjøpte til jobb.
Du finn fleire ulike motiv og du får bilda også på pute.
 
Bilete lånt på Kremmerhusbloggen
Kjempefine!
 
......
Fortsatt fin veke!
Mi er litt for hektisk....
 
klem frå Sigrid

lørdag 13. oktober 2012

Himmelsk med melis på toppane

Bilete teke på ferga mellom Hareid og Sulesund i ettermiddag.
 
 
Slike haustdagar som dette kan eg også leve med...
Då er ikkje hausten SÅ trasig som eg ellers kan oppleve den..
Misunner litt dei som tek kvar Årstid i famn med like stor glede!
 
Måtte din søndag verte god!
................

Mitt bidrag til
 Himmelsk hjå Petunia

4987378325_b77095bd20_b[1]
 



fredag 12. oktober 2012

Oktoberfavoritt!!

 
Herlige Maia med bloggen
Fabelaktig har visst oss sine Oktoberfavoritter.
 
Eg fekk lyst å dele ein av mine Oktoberfavorittar.
 
Tenk at denne duftranken blømer for fjerde gang i år
og den lever på toalettet utan dagslys..
Berre lampelys og svakt lys frå eit ugjennomsiktig glas.
Og utruleg nok ser eg at den kjem med enda ein knupp!

Gode Hanne med bloggen
Livets små øyeblikk
 har også fått sin duftranke til å bløme igjen.

Det er så kjekt å stikke innom ulike bloggar i løpet av veka.
Dei inspirerar på sin måte.


Ute skin sola frå knallblå himmel!

Måtte helga di bli god!

klem frå Sigrid
 
 
 
 
 

torsdag 4. oktober 2012

Himmelsk Romsdalsfjord

Bilete tatt på ferga mellom Molde og Vestnes.

Somme seier at det var ein feil som skjedde då Gud
laga så mange fjordar her på Vestlandet.
Tenk kva tid vi hadde spart oss om vi slapp å ta alle  fergene?
 
Men eg nyt kvar ein fergetur..
Tenk å få eit så flott stopp på vegen..
Kvile seg og sjå vakker natur!
 
Så eg trur Gud hadde ein plan om at vi treng å kvile også ;-)

Mitt bidrag til
Petunia si Himmelsk
utfordring denne veka.

---------------------------------------------------
Ikkje gløym å lese blogginnlegget mitt om NØDPLAKAT!!

onsdag 3. oktober 2012

Nødplakat, har du det?

 
I kveld har eg vore på Førstehjelpskurs.
Denne gongen i regi av Røde kors.
 
Svært mange stadar i landet vårt har
ein ikkje ordentleg adresse
med gatenamn og nummer.
 
Kva gjer du då viss nøda er ute?
 
Eg har i dag lært at det er noko som heiter
NØDPLAKAT.
 
Det kan du lage deg ved å bruke ved å gå inn på
 
 
Der får ein hjelp til å lage ein Nødplakat
som viser nøyaktig
 lengde og breddegrad
du befinn deg på.
Det vil vere ei stor hjelp for Nødetatane
(Sjukebil - Politi - Brann)
 å få oppgitt dette for å finne fram til der du er.
 
Ikkje det dummaste du kan bruke tida di på!
 
 
 
 
 
 
 
 
 

mandag 1. oktober 2012

Solbærhaust - Mandagstema


Helene med bloggen
har også denne veka invitert oss med på
 
Det beste med hausten for min del er når Solbæra modnar
og eg får plukke den inn for å koke Solbærsyltetøy!
 
Har du nokon gong tatt i lauvet til Solbærbuska
og gnidd det i hendene dine?
Det vert ei fantastisk duft :-)
 
No er Solbærhausten over,
men i kjøleskapet kan eg finne herleg syltetøy!
 
Tidleg i mi bloggkarriere skreiv eg dette innlegget:
 
------------------
Tenk det alt er oktober.
Tida flyg eller kjem ho?
 
klem frå Sigrid