mandag 10. mai 2010

Tårene trilla...

Takk til Trude Lorentzen for løyve til å bruke bilete.
Bilete viser henne og mora.


Når ein er glad i nokon må ein også leve med sorga når ein mister dei.

Somme dagar kjenner ein meir på sorga enn andre.



Eg har vore heldig!

Eg fekk behalde begge foreldra mine til at eg sjølv vart vaksen.

Til at eg klarte meg på eiga hand.

Andre mister foreldra sine medan dei er barn eller ungdom.


I dag har eg lest eit stykke som står i nettavisa til Dagbladet.



Tårene trilla!



Så viktig at nokon set ord på denne sorga som rammar svært mange.


Det å miste ei mor eller ein far medan du sjølv berre er eit barn.

Ekstra spesielt og vanskeleg vert det når foreldra har valgt å forlate livet.



Eg trur vi alle har godt av å lese om andre si sorg og

gjennom det få meir innsikt i andre sitt liv.

7 kommentarer:

  1. Heilt sant Sigrid. Det er slik eg har kava meg gjennom mine tunge år. Det å huske på at der alltid er nkon som har det verre enn meg, mykje verre. Det å sjå at spesielt barn gjennomgår sorg, sjukdom og smerte er vondt.

    Ynskjer deg ein god dag!
    Klem frå Elin :)

    SvarSlett
  2. Livet har mange fasettar...
    Gleden og sorgen de vandrer til hope.

    Sjekk denne adressa http://www.myspace.com/sigridmoldestad og høyr "Vise til far", det var som om det var min far det blir sunge om. Det er rart nå i desse dagar når sorga etter mor framleis er sterk at minnet etter far kjem så sterkt fram. Han døydde for 19 år sidan.

    Sorga er ein del av livet som me ikkje kan vike unna, då er det godt med gode minne midt i det vonde.

    Klem

    SvarSlett
  3. Eg og las den og let meg bevega. Det var ei vár og flott skrive historie om ei jenta og mor hennar.

    SvarSlett
  4. Leste innlegget du henviste til - livet er ikke lett å forstå, men jeg beundrer måten Trude håndterer dette på!
    Du Sigrid, jeg sier det igjen, du er utrolig flink til å snakke om døden, sorgen og håpet, om den delen av livet - og det er jo nettopp det det er, en del av livet.
    Alt godt til denne vakre kvinnen Trude Lorentzen som deler en så sterk historie, det berører.
    Ha en nydelig uke :))
    Klem Lokki

    SvarSlett
  5. Hei Sigrid! Takk for gode ord om Jonathan! Han er verdens beste nevø. Snill og ærleg tvers gjennom, med ei tru som strålar i augene hans. Bror i Oslo var så glad for at han hadde fått telefon frå Skodje i dag.

    Ha ein fin kveld!
    Klem frå Elin :)

    SvarSlett
  6. Hallo!
    Jeg skulle til å avslutte for denne dagen, da jeg på et eller annet vis :) kom inn her på bloggen din.

    Stoppet litt opp med det samme. Så begynte jeg å skumlese litt og fant mange fine refleksjoner. Refleksjoner som passer svært godt inn i dag, i morgen skal jeg være med i begravelsen til min kones søster.

    Jeg satte meg på som følger jeg og setter stor pris på om kanskje du også ville følge med litt i mine "Tanker om litt av hvert".

    Nå må jeg finne senga, men kommer tilbake så snart jeg kan for å studere dine refleksjoner videre.

    God natt og ha fine dager fremover med nye refleksjoner. Takk for titten denne gangen!

    SvarSlett
  7. Denne historien leste jeg i papirutgaven i helgen, og har gått og tenkt på den siden. 6.mai 1990 var min konfirmasjonsdag, og jeg var omgitt av familie og venner, gaver og kaker. Det er merkelig å tenke på hva Trude Lorentzen opplevde samtidig... hvor forskjellige dagene våre har vært.

    SvarSlett

Koseleg med ein kommentar ;-)
(måtte diverre stenge for anonyme då det kom så masse spam)