onsdag 24. mars 2010

Billett  til døden

Eg sette meg på toget,

vi hadde sagt farvel.

Du smilte glad i mot meg,

og ropte: ”Ser deg fredag kveld”.

 

Du stod igjen på perrongen,

då toget dunka ut.

Og i mitt hjerte kjende eg

ei glede, fordi du var min gut.

 

Men det vi ikkje visste

og aldri vil forstå,

at det var siste gongen

du fekk meg sjå.

 

For halvveis på mi reise

blei alt eit flammehav.

Eit togspor ned på Rena

vil for alltid bli mi grav.

 

Ha takk då, kjære vennen min,

for alt vi hadde i lag.

Det var ein billett til døden

eg hadde kjøpt i dag.

 

Skreve 5.januar 2000 av Sigrid 

Etter togulukka som skjedde på Rena Stasjon 4.januar 2000.



Kom til å tenke på dette diktet som eg skreiv for 10år sidan då eg høyrde om den ekle ulykka med tog i dag. I dag var det ikkje folk som hadde kjøpt bilett som omkom, men dei som stod i vegen for toget. Nokon har det vondt og kjenner på sorg og smerte i dag.

Lat vi tenne eit lys og be for dei i kveld!

4 kommentarer:

  1. Veldig fint og rørande dikt!klem

    SvarSlett
  2. Et godt dikt du har skrevet. Du er flink til å sette ord på ting. Så på nyhetene om den tragiske ulykka. Fryktelig når slikt hender.

    SvarSlett
  3. Sterkt dikt du har skreve der. Ja det var forferdeleg det som skjedde i dag. Tenner lys.
    Klem

    SvarSlett
  4. For et fint dikt du har skrevet, vi burde alle leve livet, som om hver dag var den siste. Klem.

    SvarSlett

Koseleg med ein kommentar ;-)
(måtte diverre stenge for anonyme då det kom så masse spam)