tirsdag 7. april 2015

DITT OG MITT


NOKON HAR VORE HER FØR MEG
LAGT STEIN PÅ STEIN
LAGA EI SKILLELINJE MELLOM
TO EIGEDOMMAR
DETTE ER MITT
OG DETTE ER DITT

TANKANE VANDRAR..
KVA TENKJER DEI SOM STJEL?
KVIFOR SER DEI IKKJE FORSKJELL 
PÅ MITT OG DITT?

NOKON STJEL EIGEDOM
NOKON STJEL EKTEFELLEN FRÅ ANDRE
NOKON STJEL TID

UANSETT KVA SOM VERT STJELT
DEN SOM LID EIT TAP
DEN HAR FÅTT EIT SÅR

----------------

- Sigrid 7.april 15 -
..............................................................

6 kommentarer:

  1. God ny uke! På rett side av gjerde?!

    SvarSlett
  2. Tankevekkende ord....
    Klem Inger

    SvarSlett
  3. Når eg les det du skriv, tenkjer eg på ein fin passasje i boka "Drageløperen", der hovudpersonen er i samtale med faren. Faren hevdar at uansett kva synd vi gjer, så kokar det til sjuande og sist ned til tjuveri; Om vi lyg, stel vi sanninga. Om vi drep, stel vi morgondagen og livet frå eit anna menneske, om vi lurar nokon, stel vi tillit osv. Kloke ord, både i boka og hos deg!

    God veke vidare!

    SvarSlett
  4. Jeg kom i tanker om noe vi snakket om på søndagsskolen for mange år siden.
    Det var om " å stjele gleden " fra en annen. Det går an, og det kan gå en stund før en finner den igjen.
    Takk for hilsen! -Margit-

    SvarSlett
  5. Fine ord. Og ord til ettertanke. Eg undrar og irriterer meg over dei som ikkje respekterer andre si tid. Dei som kjem slentrande lenge etter avtalt tidspunkt unten noko forklaring eller beklaging. Og då tenker eg ikkje mest på ungdomen, men vaksne folk.

    Takk for besøket på bloggen min :)

    SvarSlett
  6. Fine ord til ettertanke. Respekt er faktisk et "sterkt" ord. Hvis alle hadde det overfor andre, så ville verden sett ganske så annerledes ut!

    Håper du har hatt fine påskedager. Kort uke og snart helg igjen .... herlig!

    Klem fra Irene

    SvarSlett

Koseleg med ein kommentar ;-)
(måtte diverre stenge for anonyme då det kom så masse spam)