torsdag 6. november 2014

minnast i kjærleik



































du ser ikkje henne stå på noko scene
ei heller i sentrum

ho likar ikkje å vere i fokus

ho held seg i skuggen og løftar andre fram i lyset

ho er som vatnet

som speglar himmelen av

premieskapet er ikkje fullt

ei heller pengepungen

ingen skriv om henne i vekeblada

og den dagen dødsannonsa kjem vil det stå:

minnast i kjærleik

døde stille slik ho levde

- Sigrid nov.14 -

11 kommentarer:

  1. så sårt og nakent. og vakkert
    <3

    SvarSlett
  2. Så vart og fint av noko så alvorleg <3 klem

    SvarSlett
  3. Vakkert! God helg :-))

    SvarSlett
  4. Flott bilde og nært og vakkert dikt! Likar det!

    SvarSlett
  5. Vakkert .
    God helg og klem :)

    SvarSlett
  6. Kjære Sigrid! Du er så flink med slike små, tankevekkende innlegg! Takk!

    SvarSlett
  7. Fekk denne frå http://amosinblogg.blogspot.no/ , men klarte slette den på mobil gmail:
    Nydeleg skrive.

    God natt.

    SvarSlett
  8. Vakkert!!
    God helg til deg:)

    SvarSlett
  9. Smukt Sigrid! God weekend♥

    SvarSlett

Koseleg med ein kommentar ;-)
(måtte diverre stenge for anonyme då det kom så masse spam)