fredag 23. august 2013

Den blåe fjorden


Den blåe fjorden lokkar meg ut på:
"Kom og kjenn kor båten duvar,
høyr kor det klukkar rundt
stamnen."

Og eg let meg lokka til å leggje ut på:
Eg kjenner at båten duvar
og høyrer det klukkar rundt
stamnen.

Eg ser at himmelen speglar seg i fjorden.
Den blåe fjorden speglar 
den blåe himmelen med
dei kvite skyene.

Og inne i meg høyrer eg:
Gud sa: 
«Vatnet under himmelen skal samla seg på éin stad!
 Det tørre landet skal koma til syne.»
 Og slik vart det. 
 Gud kalla det tørre landet jord, 
og vatnet som hadde samla seg, kalla han hav.
 Og Gud såg at det var godt.

-Sigrid 22.aug 2013-
...............................
Bibelversa er henta frå 1.Mos 1, 9-10
Linka til

Ein stück himmel



7 kommentarer:

  1. Calm and amazing ... A wonderful picture

    Cheers, Heidrun
    ... Here is my Sky of Bavaria http://happy-hour-with-picts.blogspot.de/2013/08/himmel-vom-roller-aus-fotografiert.html

    SvarSlett
  2. Du er så god til å skrive !
    Nydeleg bilde.
    Vona du er bra att og kan få nyte
    finneveret :)
    Klem frå Anne-Mari

    SvarSlett
  3. Dette er bare så nydelig, bildet er vakkert, og det nydelige diktet er også nydelig og varmt. Takk for at du deler, Sigrid!

    SvarSlett
  4. Vakkert, vakkert, vakkert :D

    SvarSlett
  5. Så nydelig bilde,vakkert❤
    Ei fin helg til deg!
    Klem fra Lillian

    SvarSlett
  6. Vakre ord og bilder. Guds fred:)

    SvarSlett
  7. Vakkert både i bilde og ord<3

    SvarSlett

Koseleg med ein kommentar ;-)
(måtte diverre stenge for anonyme då det kom så masse spam)