lørdag 6. november 2010

Historie


To puter har fått ny heim..
Dei er ikkje trendy og på moten..
Dei har levd eit liv før dei kom i vårt hus..
Om dei kunne fortelle si historie om opplevingar, 
sorg og gleder ville det vore spennande å vere tilhøyrar.


Men mest av alt trur eg dei er glade for å ha kome fram i lyset igjen.
Og så syns eg dei passar godt i den gamle fine sofaen vår.
Tenk kor mykje arbeid som skulle til før desse Hardangersaum 
putene vart ferdige..
Trur at den som laga dei ville blitt glad for å sjå dei i bruk..
............................................................................................................

No er det pizza på menyen i mitt hus :-)

Vonar du og dine får ein fin  kveld og ein god søndag!!

Ps: Ikkje gløym å vere med på Novemberdikt utfordringa mi.
Du finn den her.

17 kommentarer:

  1. Synes putene var kjempefine og tenk alt arbeidet som ligger bak dem.
    Hardangersøm er bare nydelig.
    Kos deg med pizza.
    Ønsker deg en fortsatt fin helg.
    Klem Mio

    SvarSlett
  2. Takk for hyggelige ord på bloggen min! Synes det er trist at håndarbeide av hardangersøm fra 60-tallet blir sett på som 0 trendy. Øynene som ser. Flott du ser at putene dine lyser av kvalitet og mye arbeide. Ha en god helg!

    SvarSlett
  3. Hardangersøm er vakkert :) Godt med ting som har levd et liv og som det bor mange historier inni. *liker* Fant du noe fint hos hviit?

    SvarSlett
  4. Det ligger mye arbeid bak dette håndarbeidet :)

    Ha en god søndag! Klem Sylke

    SvarSlett
  5. Hei♥
    Tusen takk for slike fine ord frå deg♥

    Putene er vakre!

    Ufatteleg for desse to foreldra..
    Eg vert mållaus..

    God helg vidare:)

    Klem frå Astrid

    SvarSlett
  6. Sååååå nydelige puter, kjære deg! Skulle gjerne kome over slike flotte eksemplar, men får glede meg over hekladukane mine i staden for... I morgon vert det ein tur heim til pappa... Til finaste staden på jord ;-)))

    SvarSlett
  7. Nydeleg handarbeid! ;)
    Skal sjå om eg får snekra ihop eit dikt ein dag.. :)
    Fint innlegg om Myrtel og Råger... dei har jammen opplevd det verste eit forelder kan oppleve og det to gongar...

    Ha ein fin søndag!

    Klem

    SvarSlett
  8. Trendar kjem og går - det vakre består...
    Nydlige puter i ei gamal sofa:-))

    Klem

    SvarSlett
  9. Trur ikkje at ting behøv å vere nytt her inne i dette samfunnet, for å vere trendy? ;) Nydeleg handverk, og så flott at dei får liggje i ein fin sofa igjen!

    Nyt søndagen!
    Elin :)

    SvarSlett
  10. Tusen takk for at du så ofte legger igjen så koselige kommentarer hos meg. Setter veldig stor pris på det.
    Det var noen flotte puter. Koselig med slike gamle håndarbeider. Godt at det er populært å ta vare på slike gamle skatter.
    Nå skal vi på møte, og så er det rett på jobb. Sola skinner, etpar kuldegrader. men jeg rekker ikke å nyte det ute. Får bare nyte det igjennom vinduet.
    Ønsker deg en god kveld :)

    SvarSlett
  11. Om det er trendy eller ikkje; slike ting har stor affeksjonsverdi og mange historier å fortelje!!! Tenk alle kaffiselskapa desse putene har vore med på! Kvardagen deira har sikkert bestått i å ligge på stas i bestestova. Romet har nok vore kaldt og døra alltid att. Kanksje nokre borneborn har lurt seg inn for å sjå, og så fekk dei kanskje av og til selskap av husfrua kvar gong ho skulle inn og tørke støv eller "deggje" blomane. Men når det var tid for selskap, jaud då retta putene seg opp og gjorde seg klare til å vise seg fram. Då vart det fyrt godt i omnen, det vart dekkja med det aller beste serviset og alle konene i bygda skrytte uhemma av dei flotte putene. Det er nok ikkje få betruelsar dei har fått med seg, eller Gudsord eller koseleg småprat grannar i mellom. Og tenk på dei magiske julefeiringane, når døra inn til bestestova fekk stå open fleire dagar i strekk! Då var dei varme og gode og kosa seg i lag med sjølfolket og fekk nyte godt av høgtidsstunda.

    Nei, legg desse putene fint i sofaen din du! Og kanskje kviskarar dei deg eitt og anna visdomsord? Du må berre ta deg tid, og du må berre lytte godt nok....

    God helg til deg og alle dine!

    PS! Tusen takk for rørande helsing på bursdagsgut-innlegget mitt!

    SvarSlett
  12. Koselege puter! Hardangersaum er imponerande flott handtverk!

    God søndag i sola! :)

    SvarSlett
  13. Nydelige puter - det er alltid vakrest med hjemmelagde, helst gamle, saker og ting. Så bra de er kommet til heder og verdighet igjen, det fortjener de, vakre som de er. Fin søndag videre til deg! Klem**

    SvarSlett
  14. Vilka vackra kuddar och vilket arbete.
    Ha en bra söndagskväll, jag skall gå till kyrkogården och tända ljus och sedan lyssna på vacker musik i kyrkan.
    Kram Raina

    SvarSlett
  15. Disse puten går aldri av moten, og godt de kom til heder og verdighet.
    Nydelig dikt av dg under her, utrolig trist hvor mye sorg som rammer enkelte.

    Ha ei fin uke og klem fra meg;)

    SvarSlett
  16. Så flotte puter og litt av eit arbeid som er lagt ned her.
    God kveld.

    SvarSlett

Koseleg med ein kommentar ;-)
(måtte diverre stenge for anonyme då det kom så masse spam)