
Denne flotte "æresbevisninga" har eg fått av Randi og Lokki.
Tusen takk!
Reglane for å få prisen er følgjande:
The sunshine Blog Award er gitt til bloggarar som inspirerar andre i bloggverda med sin positivitet og kreativitet.
Reglane for å akseptera den er som følgjer:
1. Lim inn logoen på bloggen din eller i ein bloggpost
2. Send prisen vidare til 12 andre bloggarar
3. Link til dei nominerte i blogginnlegget ditt
4. Gjer dei merksam på at dei har fått prisen med ein kommentar på bloggen deira
5. Del gleda og link tilbake til den du fekk prisen frå
Punkt 2 er det verste, alle burde få den.
For så mange kjekke folk som finst her inne er heilt utruleg.
Men fyrst og fremst gir eg den tilbake til 1.Randi og 2.Lokki.
3.Elin (fordi du deler dine draumar og dine vakre bilete)
4.Solveig (fordi du alltid inspirerar)
5.Annegrete (fordi du deler dine tankar)
6.Lisbeth (for alle dine flotte idear og bileter)
7.Margit (fordi eg alltid vert så imponert over alle tema og ABC oppgåver du klarer)
8.Marie (fordi macro bileta dine formidlar eit fantastisk Skaparverk)
9.Kari (fordi du deler dine tankar og opplevingar med oss)
10.Irina (fordi du gir så masse av deg sjølv)
11.Ruth (fordi du deler så flotte naturbilete med oss)
12.Og til deg som akkurat i dag føler at du treng litt solskin i livet ditt!
Vonar sola skin i ditt liv.
God laurdagskveld der du er!!