søndag 17. januar 2010

Sju ting om meg... og tankar om blogging....


Britaiskogen har gitt meg ei utfordring....og ein award.
(Awarden er det Hulda som laga ein gong)
Takk for begge to!
Utfordringa var: Skrive sju ting om meg sjølv.
Har for så vidt teke den før........
Då eg var veldig, veldig fersk bloggar i fjor haust vart eg utfordra av
....hvorfor ikke..... og ho igjen hadde vorte utfordra av Molly.
Her er resultatet av den

Begge hadde bloggar som du vart glad, trist, opprørt og inspirert av...
No har ....hvorfor ikke.... lagt ned sin blogg og Molly har ope berre for inviterte.
Det er deira valg å ikkje blogge.....eller kun blogge til spesielle..
Men trist for dei av oss som treivst med å sjå innom dei.

Ei vennine lurte på om eg kjende desse som kommenterte hjå meg.
Nokre kjenner eg, andre veit eg kven er, men dei fleste er heilt ukjende for meg.
Alle er dei mine bloggevenner, som eg kan le og gråte saman med.
Og som i mi "verkelege" verd er det nokre eg har meir kontakt med enn andre.
Vennskap er noko rart. Nokre menneske har ein som venner heile livet, medan andre har ein kontakt med berre ei kort stund. Og slik er det i bloggverda også.

Men no må eg prøve skrive 7 ting om meg sjølv som eg ikkje skreiv sist:
  1. Vaks opp på eit lite småbruk
  2. Allergisk mot katt, hund m.m :-(
  3. Har bodd både i Trondheim (KVT) og Oslo (Fjellhaug)
  4. Har 23 års bryllaupsdag i år ;-)
  5. Utdanna førskulelærar
  6. Mor til tre
  7. Er veldig glad i blomster
Så no veit dokke heile 17 ting om meg!

Og her er dei som eg gir utfordringa vidare til, men berre viss dei vil:

God søndagskveld til alle!

6 kommentarer:

  1. hei!

    Tusen takk for utfordringa. Eg må leggje hovudet i blaut eit bel, so kjem eg sterkt att med min 7 :) Kjekt å lese at du er glad i blomar...det beste eg veit også :)

    Klem!

    SvarSlett
  2. Kjære Sigrid!
    Gratulerer med kreativ award!
    Det er så fortjent!
    Og så har du sendt den videre til bla meg, TUSEN TAKK ❥
    Dette er min første, så dette blir spennede!
    Tar utfordringen på strak arm!
    Ønsker deg en nydelig uke kjære venn!
    Varm klem fra Lokki

    SvarSlett
  3. Gratulerer med award :)
    Så koseleg at du deler vidare til meg :)
    Eg har tatt fleire sånne utfordringar så eg trur kanskje mange alt veit eindel om meg, men eg får sjå...

    Fint det du skriv om bloggvennskap :) Eg har også fått mange venner her i bloggverda :) Nokre deler meir om seg sjølv enn andre slik at eg kjenner dei betre, nokre har eg hatt mailkontakt med og nokre har eg møtt. Mange av dei har gjort livet mitt rikare!

    Eg er mellom anna veldig glad i dine refleksjonar og eg trur at me har mykje felles. Det hadde vore kjempekoseleg å møtt deg også i levande live :)

    Ha ein fin kveld og ei god veke :)

    SvarSlett
  4. Hei! Takk for vakre spor inne hos meg! Alltid kjekt å lese kommentarane dine Sigrid! Eg synes denne utfordringa er litt kjekk, for ein ser litt meir av personane bak bloggane.

    Ynskjer deg ei flott veke!
    God klem frå Elin :)

    SvarSlett
  5. Store mi ti..he du blitt så gammal da,at du he rukket å ver gift i 23 år!!ikkje verst;o)

    SvarSlett
  6. Jaa.. forskulelærer har jeg trodd men du glemte vanvittig empatisk og snill !!
    Du SIG vil alltis ha ett spesielt rom i hjerte. Takk !!
    Anonym kom å trodde hun skulle rive meg ned med sine ord...men hvorfor når alle kommentarene fra deg ganges med 10 ??

    Klem

    SvarSlett

Koseleg med ein kommentar ;-)
(måtte diverre stenge for anonyme då det kom så masse spam)