lørdag 24. oktober 2009

Tradisjon


Gjennom mange år er det blitt tradisjon at heimelaga Pizza står på menyen på laurdagskvelden. Viss det av ein eller anna grunn ikkje blir "Mamma-pizza" vert det protestar. Tradisjonar er det viktig å ta vare på, det gir gode barndomsminner.

I deiga prøver eg å ha litt grovt i, om ikkje anna så litt havregryn. Og eg lagar alltid så mykje deig at det blir nok til rundstykker til søndagsfrukost.

Til fyll er det kjøttdeig eller aller helst karbonadedeig, gulrot, ananas og pizzafyll.
Og på toppen herleg raspa kvit ost.

Så når laurdagskvelden kjem samlar vi oss alle fem, et pizza og ser
"Hjarte på rette staden".

Det er kjekk tradisjon!!

Kva tradisjonar har du?


7 kommentarer:

  1. vi har også tradisjon med god lørdagskos.
    ikke alltid det blir pizza.
    men noe godt blir det alltid.
    jeg merker at dess eldre ungene blir setter de mer og mer pris på sånne "hverdagstradisjoner".

    SvarSlett
  2. Her har vi pizza på fredagskveldene. Fredag har blitt den nye lørdagskvelden på merkelig vis....
    MEN i dag hadde vi også pizza.

    Men det viktigste er vel å kose seg, bare ikke hver dag. hihi!

    Ha en skjønn søndag!
    ♥ fra Tove

    SvarSlett
  3. Har steikt vafler idag. Men pizza er det lenge sidan eg har laga sjølv. Det er iallfall ikkje tradisjon her i huset.

    God søndag til deg og dine!

    SvarSlett
  4. Me hadde alltid noko varmt til kvelds på laurdagen då barna budde heime, no er det berre av og til. Mannen min har så uregelmessig arbeidstid så me ete når han er heime. Me har hatt pizza i kveld faktisk :)

    God søndag :)

    SvarSlett
  5. Tradisjonar er viktige å ta vare på... og ein ber dei som regel med seg frå ein generasjon til den neste:0) Etter at ungane flytta ut er det ikkje så mykje "fast" på menyen,men me er nøygne på å ha laurdagskvelden saman,me toan.Noko godt vert det alltid til "med hjarta på rette staden" her i huset også.
    Ha ein fin søndagskveld vidare :0)

    SvarSlett
  6. Så lurt å lage ekstra deig slik at det vert rundstykke til søndagsfrukosten!

    No er vel både pizzaen og søndagsrundstykka oppetne, så eg får ynskje deg god måndag! :)

    SvarSlett
  7. Fredag kveld er nesten det beste med hele helga! Prøver å innlede den med et besøk på bassenget, deretter blir det gjerne noe varmt til kvelds. Noen ganger pizza, noen ganger pai, eller noe annet snadder.
    Beat for beat og Nytt på nytt er ukas tv-høydepunkter for meg/oss, så jeg er enig med hun før meg som skrev at fredag er blitt den nye lørdagskvelden.
    Nå fikk jeg lyst på hjemmelaget pizza her...

    SvarSlett

Koseleg med ein kommentar ;-)
(måtte diverre stenge for anonyme då det kom så masse spam)