søndag 26. juli 2009

Alt har si tid...

I løpet av ei veke i sommar døde tre menneske som eg har hatt kontakt med.

Menneske som eg har smilt til og fått smil tilbake i frå.

Vi har snakka med kvarandre og gitt kvarandre av vår tid.

Bilde er tatt av: http://www.joannabodzek.com/


Alle tre døde så alt for unge, bort frå dei som trengde dei og stod dei nær.



To av dei var rundt 50år, begge hadde ektefelle og born i barneskulen.
Den eldste hadde blitt 65år til hausten,
ho hadde mann, barn, og barnebarn som kjenner saknet så sårt.

Kvifor skriv eg dette?
Eg veit sjølv kva sorg er, og veit at omsorg er viktig for at livet skal gå vidare.

Kven har rett til å seie at ei sorg er større enn ei anna,
eller at eit tap er verre for han enn det var for ho...
Kvar ei sorg og kvart eit tap vil merke eit menneske for resten av livet,
ein blir ikkje den same igjen som ein var før...

Den som sjølv har hatt det vondt kan lettare kjenne på den smerten andre har i sitt liv..

DET BLEI SÅ STILT ETTER DEG

Kvar gong du kom
slamra du med ytterdøra
og ropte:
”Hei, er du der?
Eg er heime no!”

No kjem du aldri
meir heim.
Får aldri høyre
ytterdøra slamre
og aldri meir
høyre stemma di rope.

Det blei så stilt etter deg.

Skreve etter ulykka ved Shetland 12.04.07

Då ei kone og mor i Herøy på Sunnmøre mista både mann og son i denne ulykka, "datt" dette diktet i hovudet på meg.
Min eldste son er jamgamal med tenåringen som omkom,
og eg kjende det heilt inn i ryggmargen kor uendeleg vondt det måtte vere.

Kjenner du nokon som har sorg, gi dei litt av di tid.
Gi dei omsorg!!

Og gløym ikkje at sorga sit lenge, lenge i eit menneske.
Lat dei få lov å snakke om den eller det dei har mista.
Lat dei få kjenne at du bryr deg om dei, akkurat slik dei har det her og no.
Forkynnaren 3
1 Alt har si faste tid,
alt som hender under himmelen, har si tid:
2 ei tid til å fødast, ei til å døy,
ei tid til å planta, ei til å riva opp;
3 ei tid til å drepa, ei til å lækja,
ei tid til å riva, ei til å byggja;
4 ei tid til å gråta, ei til å le,
ei tid til å syrgja, ei til å dansa;
5 ei tid til å kasta steinar, ei til å samla dei,
ei tid til å ta i famn, ei til å la det vera;
6 ei tid til å leita, ei til å missa,
ei tid til å gøyma, ei til å kasta;
7 ei tid til å riva sund, ei til å bøta,
ei tid til å teia, ei til å tala;
8 ei tid til å elska, ei til å hata,
ei tid til krig og ei til fred.

http://www.bibel.no/Hovedmeny/Nettbibelen.aspx?book=ECC&chapter=3&verse=1

Alt har si tid, står det i Forkynnaren.
Alt har si faste tid.
Og det fortsette: ei tid til å fødast, ei tid til å døy, til å gråta og syrgja, til å le og dansa, til å elska og til å hata.
Det finst ei tid for alt det menneskelivet rommar – både det som godt er og det vanskelege.

Livet tek ikkje pause.
Alt har si tid.

8 kommentarer:

  1. Folk blir litt redd oss som sörger åpent ja jeg går ikke med röde öyne og gråter höyt men jeg svaret ærlig når folk spör hvordan går det . Om de ikke mener noe med det for de la vær spørre snakker jeg om han ser det ut som de tror jeg skal falle sammen der og da . Sorg er vondt og en blir trist kjedlig og dum av sorg fordii hodet er på en annen klode sorg kloden men noen evner si rett ting og det er aldri de en tror lille Frida nabo jenta sa :han englesönnen din Tror du han kan se deg . Ikke lett svar på det men hun spurte masse likte han katter honning osv . Samtalen med 7 åringen hjalp mer enn alle det går bedre skal du se . Barn er kloke

    SvarSlett
  2. Huff ja.....mange som bærer på sorg.....Og det er viktig man får sørge slik man føler man må...
    Fint dikt og fint skrevet.

    Eg har endelig funnet deg.
    Du har vært innom bloggen min nokre ganga, og satt igjen spor, men eg har ikkje klart å finne bloggen din før nå :)
    Koselig!!
    Ha en fin kveld
    Klem

    SvarSlett
  3. Frida: Trur det er viktig å sørge opent..
    Enig i at den som ikkje toler sanninga kan la være å spørje..
    Kjekt du kom innom til meg ;-)

    Anna Lisa: Ja, mange ber på sorg. Og sorg kan vere så mange ting..
    Ikkje rart om du ikkje har funne meg, som bloggar er eg ny. Men som lesar er eg gamal ;-)
    Koseleg at du fann meg.

    SvarSlett
  4. Jeg skrev da virkelig en kommentar...hmmm!
    Enig i det du skriver, og er glad jeg er en som spør, for jeg vil nemlig vite...

    Ønsker deg en knallfin dag med masse sol:)
    PS! Juhuuuu, endelig er jeg her;)

    SvarSlett
  5. YEZZZZ!!!Endelig fant jeg deg her i blogglandia:-) Gud, nå ble jeg glad!
    Du har vært en herlig "engel" som har lagt igjen mangt et godt ord til mange av oss her inne. Nå kan endelig vi nå deg også.
    Sorg har vært fellesnevneren for min sommer også...desverre...og sorg er et begrep man ikke kan definere. Det finnes ingen oppskrift...ingen fasit. Sorg føles ikke alltid bare ved tap av liv heller. Det kan være tap av andre ting...slik er min sommer også, men jeg har flott familie og fantastisk jobb, som jeg gleder meg over hver dag. og det gjør at det er verd å stå opp og se fremover. Jeg kan ikke "feige" ut og gi opp uansett.
    Hjelpe meg så glad jeg ble for å finne deg her!
    Stor klem fra Kari.

    SvarSlett
  6. Sorg er noe av det vanskelige vi mennesker skal takle. Det kan rive følelsene i filler. Men det gjør godt å skrive om det. Slik du gjør nå!

    Marit

    SvarSlett
  7. Molly: Godt du spør og har omsorg. Takk! Sol har her nok vore, men tid til å nyte den, nepp....

    Kari: Så kjekt når nokon blir glad for at eg bloggar ;-) Men det er faktisk kjekt..
    Ja, sorg er virkeleg eit udefinerbart begrep.

    Som mine dager er: Sorg må ein snakke om..Skrive om.. Godt vi kan dele med kvarandre.

    SvarSlett
  8. dette var sjelebot... så godt å sjå nokon skrive om dette vonde , sorga me er så redde for...
    klem ,mgany

    SvarSlett

Koseleg med ein kommentar ;-)
(måtte diverre stenge for anonyme då det kom så masse spam)