tirsdag 26. august 2014

I OPPHAVET....


     1. I opphavet skapte Gud himmelen og jorda.
   
  2. Jorda var aud og tom, mørker låg over djupet, og Guds ande svevde over vatnet.  3. Då sa Gud: «Det skal bli lys!» Og det vart lys.  4. Gud såg at lyset var godt, og Gud skilde lyset frå mørkret.  5. Gud kalla lyset dag, og mørkret kalla han natt. Og det vart kveld, og det vart morgon, første dagen.
   
  6. Gud sa: «Det skal bli ein kvelv midt i vatnet! Han skal skilja vatn frå vatn.»  7. Gud laga himmelkvelven og skilde vatnet som er under kvelven, frå vatnet som er over kvelven. Og slik vart det.  8. Gud kalla kvelven himmel. Og det vart kveld, og det vart morgon, andre dagen.
   
  9. Gud sa: «Vatnet under himmelen skal samla seg på éin stad! Det tørre landet skal koma til syne.» Og slik vart det. 10. Gud kalla det tørre landet jord, og vatnet som hadde samla seg, kalla han hav. Og Gud såg at det var godt.

..........................................................................

Søndag morgon vart eg invitert med ut på tur. Eg takka ja til det. 
Og få rusle ein tur med mannen sin ei tidleg morgon stund er nydeleg.

Morgonen var fin. Alt var stilt og roleg.
Berre nokre fuglar gav lyd frå seg.

Skodda laga fine mønster over himmel og hav.
Seinare på dagen såg eg over bileta eg hadde tatt.

Og der såg eg det...
Eit bilete som minte meg om dei aller fyrste orda i Bibelen.

No deler eg det med deg.
Og ja, eg må seie det same som Himmelen og Jorda sin skapar:

DET ER GODT!!

5 kommentarer:

  1. Usigelig vakkert fotografi :)
    Klem :)

    SvarSlett
  2. Flott bilde, og fin påminning om skapinga! Dagens dikt skreiv eg etter å ha lese innlegget ditt her, direkte inspirert (sjølv om eg sette fokus på ein litt seinare del av skapingshistoria...): http://englepappa.blogspot.no/2014/08/forandring.html

    SvarSlett
  3. Vakkert bilde! Ha en flott augustuke!

    SvarSlett
  4. Vakkert bilde og god refleksjon!

    Hilsen fra June
    Nostalgi & Skriverier

    SvarSlett
  5. Så utrolig vakkert Sigrid, aldeles nydelig<3
    varm klem til deg
    Hanne:)

    SvarSlett

Koseleg med ein kommentar ;-)
(måtte diverre stenge for anonyme då det kom så masse spam)