mandag 20. juni 2011

Bøn utan ord


Denne vakre blomebuketten fekk eg på fredag med mine kjære medarbeiderar.
I dag vil eg dele den med alle dei som har det vondt akkurat no.
Spesielt tenkjer eg på familien til Kjetil som mista ein god ektemake,
far, svigerfar og bestefar så alt for tidleg.


Å, Jesus, eg ber deg: Ta handa mi no
når skuggane fell på min veg.
Om alt går imot meg, eg får ikkje ro,
då er eg så trygg her hos deg.
Om nederlag ventar og smerten blir stor,
du kjenner kvart barn på di jord.
Eg veit ikkje eingong kva bøn eg skal be.
Du høyrer mi bøn utan ord.


Å, Jesus, eg ber deg: Ta synda mi no,
for elles så stilnar min song.
Eg veit at du døydde og ofra ditt blod,
så eg får sjå himlen ein gong.
Om freistingar ventar på vegen eg går,
dei løfter du gav, dei består.
Du står framfor Gud med mi sak nettopp no.
Hans nåde og omsorg eg får.

Om nederlag ventar og smerten blir stor,
du kjenner kvart barn på di jord.
Eg veit ikkje eingong kva bøn eg skal be.
Du høyrer mi bøn utan ord.


T&M: Marte Vikanes Sameien 

9 kommentarer:

  1. Nydelig bilde og gode ord Sigrid:-) og snill er du som deler av det du får, hadde vi bare alle hatt den egenskapen ville jo verden blitt et litt bedre sted.

    Utrolig flotte bilder du ogsaå har vist fra din siste tur her, godvær, sommer, gode kolleger å greier, kan man i grunn ha det bedre :-)

    Varm klem din vei.

    SvarSlett
  2. Det er tungt å miste noen som står oss nær. Varm klem til deg.

    SvarSlett
  3. Så sterkt! "eg veit ikkje eingong kva bøn eg skal be. du høyrer mi bøn utan ord" - til å kjenne seg igjen i, ofte. (kjenne forresten Marte litt frå ungdomstida:-)) Ha ei god veke! Klem

    SvarSlett
  4. Ja livet tar brå og uventede vendinger for oss, kondolerer til deg og de du kjenner som har mistet en kjær. Vi blir stadig påminnet om hvor heldige vi er som har nye dager å oppleve, livet må verdsettes selv om det er nesten utålelig til tider. Godt å vite at man ikke alltid trenger å be om hjelp :) *♥*

    SvarSlett
  5. For en vakker bønn! Fikk tårer i øynene...
    Tungt å miste noen som står en nær...
    Kanskje en bønn uten ord kan hjelpe...
    Ønsker deg ei fin uke, Sigrid!
    Klem
    Lise

    SvarSlett
  6. Sender over varme tanker til dge og de rundt deg som mistet sin kjære!

    Ta vare på hverandre..

    Klem fra Tove

    SvarSlett
  7. Alltid - kvar einaste dag - sit det nokon i sorg.....gode bøner er gull verdt og takk for at du deler.

    Klem

    SvarSlett
  8. Nydelig bønn. Akkurat slik er det. Vi vet aldri hva som møter oss rundt neste sving.

    Takk skal du ha.

    Klem

    SvarSlett

Koseleg med ein kommentar ;-)
(måtte diverre stenge for anonyme då det kom så masse spam)