tirsdag 26. januar 2010

Den usynlige

Til minne om Jan Erik

Enkelte ting får sjølv meg til å bli mållaus og satt ut.
Heilt tilfeldig såg eg ein artikkel på Dagbladet si nettside, les her
Den var SÅ sterk at eg berre måtte lese heile artikkelen.

Det handla om den usynlege, den som ingen ser...
Og som ingen saknar den dagen han døyr....
Ikkje det at det spelar noko rolle for meg kor mange som kjem i gravferda mi, for då er eg ikkje der..
Men at ingen kjem, at ingen bryr seg...
Det vitnar om ei einsemd så djup og sterk at sosiale meg ikkje kan fatte rekkevidda av det!

Slike tankevekkerar er sterke å få!
Det gjer at eg med endå større takksemd ser rundt meg på det som fyller mitt liv....


9 kommentarer:

  1. Huff, ja. Det var ikke morsom lesning. Tenk at det kan være sånn for noen, vanskelig å sette seg inn i..

    SvarSlett
  2. Hei Sigrid! Denne artikkelen las eg også før i kveld. Han hadde no ein slags kamerat, og ei halvsyster? Men dei ville kanskje ikkje stille i kyrkja? Det er vondt å lese slikt. At ein er så usynleg, at ingen merkar at ein er borte... Men det var mange som prøvde å hjelpe han når han datt om. Eg håper han svevde over dei, og såg at det finns medmenneskelegheit!

    Gode tankar frå deg Sigrid! Du er eit flott menneske!

    Klem frå Elin.

    SvarSlett
  3. Ja, er det ikkje grusomt?!? Lat oss slå eit slag for å sjå den enkelte som er i våra rekkevidde, samstundes MÅ vi verte meir takknemlige ja!:)
    Er veldig einig med Elin;) Du verkar som eit ekte og godt menneske... ei inspirasjonskilde for oss andre;) Takk

    Klem

    SvarSlett
  4. Takk for at du deler!
    Tankevekkende innlegg, og reportasje fra Dagbladet. Kom også til å tenke på den gamle mannen de meldte om på nyhetene i går. De fant en anonym, gammel mann død i leiligheten sin etter at naboer hadde sendt en bekymringsmelding. Men da har han allerede vært død i over en mnd. Siden før jul...og de kuttet strømmen hans den 20 november...fordi han ikke kunne betale strømregningen...Velferdsnorge? Jeg sier det igjen:av og til er jeg "svulmende stolt" av å være Norsk...

    SvarSlett
  5. Kjære deg!
    Eg las òg den artikkelen, sat her berre å "rista på håve" av kor gale det kan være for enkelte her i velferds-noreg! Det er verkeleg ikkje til å tru for sosiale meg heller! Tenk, naboar han hadde hatt i mange år kjente ikkje navnet hans.... Det seier noko om kor kalde vi kan bli overfor kvarandre! Må slike artiklar vekke oss alle, ikkje berre for ein dag eller to, men virkelig riste liv i oss!!
    Takk, gode Sigrid for at du er du!!

    Klem frå R.

    SvarSlett
  6. Eg har lese artikkelen og sit nå her ganske trist til sinns...
    I tilfelle som dette er det først og fremst kommunen som har svikta, det er ikkje lett å få kontakt med menneske som ikkje ønskjer kontakt sjølv. Men det var sikkert mange i åras løp kunne ha purra på at han blei følgd opp på ein betre måte.
    Dette er likevel ein sterk tankevekkar for oss alle i vår travle kvardag. Ser me dei som av ulike grunnar er "sette til side" og som ofte er tause om sine ønskje etter kontakt fordi dei ikkje synest at dei kan bry nokon...
    Tenk om ingen saknar meg når eg ikkje er her lenger. For ei einsemd som ligg bak...

    I dag hadde mor blitt 87 år om ho hadde levd og me er mange som heidrar minne hennar i dag. Ikkje med store ord i forsamlingar, men med bilde og tente lys hos familien.

    Det å vere elska gjer at livet blir godt å leve :)

    Takk for reflektert innlegg.

    Ein god klem og ønskje om ein god dag frå Marie

    SvarSlett
  7. Helt forferdelig .. satt nettopp og snakket om denne personen og han som frøs ihjel uten strøm .. helt utrolig at slikt går an i dette velferdssamfunnet.

    Takk for besøk og godbedring-hilsen på bloggen min :o)

    Ha en flott torsdag du også :o)

    SvarSlett
  8. Nydelig heder Sigrid!
    Uff det er mange slike historier, alt for mange!
    Denne historien har rørt mange mennesker, jeg har sett den tweetet og omtalt på flere blogger.
    Vakkert innlegg ❥
    Ønsker akkurat deg en nydelig dag!
    Klem Lokki

    SvarSlett
  9. Måtte lese gjennom hele artikkelen jeg også. Blir helt satt ut. Det er så usigelig trist. Bortgjemt og glemt. En liten original man kan kalle en venn, og en søster som ikke ville vite av ham, det er alt. Hvilket liv. Han fikk ivertfall omtale etter sin død, men som sagt på en trist måte.

    Takk for tankevekkeren og at du delte denne historien.

    Klem fra Marit

    SvarSlett

Koseleg med ein kommentar ;-)
(måtte diverre stenge for anonyme då det kom så masse spam)