sakte, sakte gjekk ho vegen tilbake
vegen ho ikkje har gått på mange år
kvifor det vart slik visste ho ikkje
"ting tar tid
og tida leger alle sår"
er det sant?
nei, såret vert der
skorpa dett nok vekk ein dag
men arret min venn, arret vil alltid vere der..
ja det bleiknar nok om ei stund..
men innimellom kan ho kjenne på arret,
huda er ikkje heilt glatt der lenger..
minne om noko som var,
men som tok slutt..
livserfaring kallar dei det..
men ho må tilbake for å klare å sjå framover
-sigrid mai-13-
.........................
- midt i ein hektisk kvardag kan ein møte menneske som har ei livshistorie,
ei livshistorie som rører med ein -
(huset og vegen er berre illustrasjon,
dei har ikkje samanheng med innhaldet i dette blogginnlegget)
Og plutseleg oppdaga eg at Helene hadde TID som tema og at innlegget mitt passa inn :-)
Linka til:
Mandagstema hjå Helene

ei livshistorie som rører med ein -
(huset og vegen er berre illustrasjon,
dei har ikkje samanheng med innhaldet i dette blogginnlegget)
Og plutseleg oppdaga eg at Helene hadde TID som tema og at innlegget mitt passa inn :-)
Linka til:
Mandagstema hjå Helene
