søndag 27. september 2009

Yuccapalme

Dette er Yuccapalma mi. Den vart kjøpt for over 20år sidan. Den har vokst og vokst, og kvar gang den har nådd taket har den fått seg ein luftetur ut. Fram med sag og fyrstikker..

Hardt og brutalt sagar eg den lavare. Og den enden som står igjen brenner eg overflata på. Og av den biten som er avsaga lagar eg passe lengder der eg svir den eine enden og set den andre i vatten. Og sjølve toppen vert sett i vatten.

Etter ei rask opptelling fann eg ut at 9 nye plantar har sett dagens lys på grunn av dette.

Og no står fem små og ventar på røtter og skudd. Søstra mi og fleire venniner har fått små Yuccapalmer, og seinast i går fekk ei vennine ei lita helsing gjennom ei sjølvlaga plante. Denne har no fått seg ein ny heim, ta vel vare på den ;-)

To står på min gamle arbeidsplass og på fredag fekk ei lov å bli med til kontoret mitt.

Det er så kjekt å sjå at nytt liv vert til og den største gleda er å få dele av mitt overskot med andre..
Tenk å få være gartnar i Guds hage!

4 kommentarer:

  1. Tusen takk,eg er jo en av dei heldige som har fått ei "palme" av deg, dette kan du!Ha ei god og velsigna ny arbeidsveke.(Vi tek med glede i mot nkre solstråler,vi er våte nok no).God kveld, frå moltemor i myra!

    SvarSlett
  2. Heisann!!
    Ja dette kan jo kalles gjenbruk!!
    Helt utrolig at du har klart å ta vare på den i tyve år.....og så snilt å dele med andre!!!
    Ha en fin dag og ny uke:o)

    SvarSlett
  3. Litt av ein størrelse på palma...
    Eg hadde og ei slik i mange år, men heiv ho ut då ho vart for stor...
    God helg.

    SvarSlett
  4. Du er god med planter, det er iallfall sikkert!

    SvarSlett

Koseleg med ein kommentar ;-)
(måtte diverre stenge for anonyme då det kom så masse spam)