torsdag 13. august 2009

Raggetid?

Ragger..
Sokker....
Raggsokk....
Strømper....
Lestar... (dialekta di, sa mi vennine E)
Lugga... (tenk å gløyme det, takk at du minte meg på det Miamor!)
Tjukkesokka! (Haust)
Uill læsta!! (kari-carpe diem)
Kom gjerne med ditt ord for det du har på fotane dine ;-)

Kjært barn har mange namn blir det sagt..
Men for meg som likar meg best utan er dei vel ikkje så kjære... eller?

Når gradestokken ute kraup heilt ned på 8,5 i går kveld kjende eg at no berre måtte eg kapitulere....

Eg som i månadsvis berre har brukt mine herlege sandalar utan noko inni fann fram eit par og drog dei raskt på meg...

Å så herleg - dei varmar så godt!

Alt til si tid er det noko som heiter..
Og kanskje den er komen no; RAGGETID!

12 kommentarer:

  1. jeg elsker strøper...klarer nesten ikke å gå uten !!
    Og særlig nå..kaldt vått og høst her i allefall !!
    Klem

    SvarSlett
  2. hehe! prøver meg uten i det lengste jeg, også!

    SvarSlett
  3. irina/Alex og hvorfor ikke:

    Rart kor ulike vi er, nokon må ha dei på nesten året rundt og andre nyt å gå utan.
    Godt vi er ulike, det gjer livet meir allsidig.
    Glad vi bur i eit land der vi får lov å være det.... ;-)

    SvarSlett
  4. ..sigrid..du som har bodd i trøndelag og alt...der sei vi lugga...men du har så rett..det er snart innekosetid med raggsokka og lugga og deilige stearinlys, musikk, kos..bøker...mmmm..drømmer..klem

    SvarSlett
  5. Ja, hadde jeg enda kunnet strikke raggesokker...den der helen er for komplisert for meg..
    Ha en fin fredag, klem,M

    SvarSlett
  6. Ingenting er som "spøtasokkar" av ull. Er du varm på beina fryst du ikkje likevel heller :)

    Du må gjerne bruke sitata hos meg, eg har ikkje skrive dei sjølv desverre... Nokon er så flinke til å få ting sagt på ein måte som opnar auger og opnar for tanken. Eg er så glad i gode sitat, både dei med alvor og dei med humor. Krydder i kvardagen!

    God helg :)

    SvarSlett
  7. Miamor: Tenk eg gløymte både lugga og lestar. Men som du ser : Eg lar meg rette på ;-)

    M: Strikke ja, he-he. Eg laga eit flott par ein gong, med to ulike hela. God var dei nok, men..

    Marie: Nei, ull er ikkj tull!
    Takk at eg kan låne sitata. Vi treng krydder, ja!

    SvarSlett
  8. Takk for hyggelig hilsen på bloggen min. Jeg elsker å gå barfot - så litt leit med høst i såmåte.

    SvarSlett
  9. Tjukkesokka! :D Eg har gjerne tjukkesokkar på føtene ein småhustren dag sommarstid òg, eg! :)

    - Haust -

    SvarSlett
  10. Kutsushita - direkte oversett under (shita) skoen (kutsu). På japansk, ja.

    SvarSlett
  11. Kutsushita - direkte oversett "under" (shita) "skoen" (kutsu)

    SvarSlett

Koseleg med ein kommentar ;-)
(måtte diverre stenge for anonyme då det kom så masse spam)