1. Kor.13
1. Om eg talar med mennesketunger og engletunger,
men ikkje har kjærleik,
då er eg ein ljomande malm eller ei klingande bjølle.
2. Om eg har profetisk gåve
og kjenner alle løyndomar og eig all kunnskap,
og om eg har all tru så eg kan flytta fjell,
men ikkje har kjærleik,
då er eg ingen ting.
3. Om eg gjev alt eg eig til mat for dei fattige,
ja, om eg gjev meg sjølv til å brennast,
men ikkje har kjærleik,
då har eg ingen ting vunne.
4. Kjærleiken er tolmodig, kjærleiken er velvillig,
misunner ikkje, skryter ikkje, er ikkje hovmodig.
5. Kjærleiken krenkjer ikkje, søkjer ikkje sitt eige,
er ikkje oppfarande, gøymer ikkje på det vonde.
6. Han gleder seg ikkje ved urett,
men gleder seg ved sanninga.
7. Alt held han ut, alt trur han, alt vonar han, alt toler han.
8. Kjærleiken tek aldri slutt.
Profetgåvene skal bli borte,
tungene skal teia
og kunnskapen forgå.
9. For vi skjønar stykkevis og talar profetisk stykkevis.
10. Men når det fullkomne kjem,
skal det som er stykkevis, ta ende.
11. Då eg var barn, tala eg som eit barn, tenkte eg som eit barn, forstod eg som eit barn.
Men då eg vart vaksen, la eg av det barnslege.
12. No ser vi i ein spegel, i ei gåte,
men då skal vi sjå andlet til andlet.
No skjønar eg stykkevis,
men då skal eg kjenna alt fullt ut, liksom eg fullt ut er kjend av Gud.
13. Så blir dei verande desse tre: tru, von og kjærleik.
Og størst av dei er kjærleiken.
Kjære husbonden min!
Takk for 22år saman med deg.
I vigselsliturgien står det:
Vil du elska og æra henne/han og vera trufast hos henne/han i gode og vonde dagar til dess døden skil dykk åt?
Vi har hatt både gode og vonde dagar.
Vi har delt sorger og gleder.
Takk at vi har kvarandre!
Glad i deg!
Gratulerer med bryllupsdagen, og Guds signing vidare over ekteskapet!
SvarSlettFine ord til husbonden!
Bryllupsdag?
SvarSlettGratulerer!
Me hadde dag igår, 33 år saman :)
God helg :)
Inger: Ja, tenk det er 22år sidan du spela i bryllaupet vårt. Tida går eller kjem ho? ;-)
SvarSlettTrur han vart glad!
Marie: Bryllaupsdag ja, gifta oss 08.08.07.
Gratulere til dokke med.
God helg til deg også.
Gratulerer med brylluppsdag 33 år i dag er en bragd .
SvarSlettFridas side: 22år, men kan vere ei bragd det óg;-)
SvarSlettGratulere vi hadde 14 års brullupsdag den 5. Og tor ikke vi får 22 for å si det slik.
SvarSlettHåper hodet blir bra min venn !!
Stoooor klem
Gratulerer!!
SvarSlettså flott skrevet:)
Kan jeg bare spørre deg om noe:
Hvordan har du fått til bloggroll`en med bilder og nyeste innlegg øverst?
Jeg vil også ha!
Klem Torunn
Fant det ut nå:)
SvarSlettDen lå jo på den vanlige...var blitt oppdatert.
Den som leter skal finne!
Gratulerer med bryllaupsdagen da! Vi feira den 8.8 vi og, men dei vi feira med har vore gift i 39 år!!!!Og undertegnede har rubinbryllaup i år..."alla desse dagar som kom og gikk, inte visste jag at det var selve livet"! Har forresten fått på meg rubinringen!!
SvarSlettHa ei god veke,helsing moltemor!!
Gratulerer med bryllupsdagen som var. Vi har nettopp feira 5 år. Jeg har hatt trekning, og hvis du sender meg adressen din, så kommer det en liten overaskelse i posten til deg.
SvarSlettSend navn og adresse hit, så kommer det noe snart :) beate_m_s@hotmail.com
SvarSlettIrina/Alex: Kor mange år ein får saman er det ikkje alltid så godt å vite. Nokon blir forlatt, andre forlet.. Nokon misser den ein vil leve saman med.. Og eg er så heldig at eg fortsatt har mannen min!
SvarSletthvorfor ikke: Takk ;-)
moltemor: Ja, tida rasar avgårde. 8.8 er nok ein populær dag, veit om fleire som enten forlova eller gifta seg på denne dagen.
Beate: 5år sidan, akkurat som i går det ;-)
Koseleg med overrasking! Takk..
Takk for kommentar :)
SvarSlettGratulerer med 22 års ekteskap. Fantastisk :)
SvarSlettHa en fin dag
Klem
Jeg er ikke personlig kristen, men har en slags tro og respekt for gud og kirke. Dette var det eneste jeg ba presten lese opp i vårt bryllup, fordi jeg synes det er så inderlig vakkert.
SvarSlettAnna Lisa: Ja, det fantastisk. Eg føler meg RIK!
SvarSlettIkkje på jordisk gods og gull, men fordi eg får tilhøyre nokon... Som er glad i meg som den eg er og ikkje som den han skulle ynskje eg var. Ikkje at livet er dans på roser, men eg lærer meg meir og meir å sette pris på det eg har..
kari-carpe diem: Der er ordet. Inderleg vakkert!
Takk skal du ha! ;-)