lørdag 8. august 2009

Og størst av dei er kjærleiken..

1. Kor.13

1. Om eg talar med mennesketunger og engletunger,
men ikkje har kjærleik,
då er eg ein ljomande malm eller ei klingande bjølle.

2. Om eg har profetisk gåve
og kjenner alle løyndomar og eig all kunnskap,
og om eg har all tru så eg kan flytta fjell,
men ikkje har kjærleik,
då er eg ingen ting.

3. Om eg gjev alt eg eig til mat for dei fattige,
ja, om eg gjev meg sjølv til å brennast,
men ikkje har kjærleik,
då har eg ingen ting vunne.

4. Kjærleiken er tolmodig, kjærleiken er velvillig,
misunner ikkje, skryter ikkje, er ikkje hovmodig.

5. Kjærleiken krenkjer ikkje, søkjer ikkje sitt eige,
er ikkje oppfarande, gøymer ikkje på det vonde.

6. Han gleder seg ikkje ved urett,
men gleder seg ved sanninga.

7. Alt held han ut, alt trur han, alt vonar han, alt toler han.

8. Kjærleiken tek aldri slutt.
Profetgåvene skal bli borte,
tungene skal teia
og kunnskapen forgå.

9. For vi skjønar stykkevis og talar profetisk stykkevis.

10. Men når det fullkomne kjem,
skal det som er stykkevis, ta ende.

11. Då eg var barn, tala eg som eit barn, tenkte eg som eit barn, forstod eg som eit barn.
Men då eg vart vaksen, la eg av det barnslege.

12. No ser vi i ein spegel, i ei gåte,
men då skal vi sjå andlet til andlet.
No skjønar eg stykkevis,
men då skal eg kjenna alt fullt ut, liksom eg fullt ut er kjend av Gud.

13. Så blir dei verande desse tre: tru, von og kjærleik.
Og størst av dei er kjærleiken.

Kjære husbonden min!
Takk for 22år saman med deg.
I vigselsliturgien står det:
Vil du elska og æra henne/han og vera trufast hos henne/han i gode og vonde dagar til dess døden skil dykk åt?

Vi har hatt både gode og vonde dagar.
Vi har delt sorger og gleder.
Takk at vi har kvarandre!
Glad i deg!




16 kommentarer:

  1. Gratulerer med bryllupsdagen, og Guds signing vidare over ekteskapet!
    Fine ord til husbonden!

    SvarSlett
  2. Bryllupsdag?
    Gratulerer!

    Me hadde dag igår, 33 år saman :)

    God helg :)

    SvarSlett
  3. Inger: Ja, tenk det er 22år sidan du spela i bryllaupet vårt. Tida går eller kjem ho? ;-)
    Trur han vart glad!

    Marie: Bryllaupsdag ja, gifta oss 08.08.07.
    Gratulere til dokke med.
    God helg til deg også.

    SvarSlett
  4. Gratulerer med brylluppsdag 33 år i dag er en bragd .

    SvarSlett
  5. Fridas side: 22år, men kan vere ei bragd det óg;-)

    SvarSlett
  6. Gratulere vi hadde 14 års brullupsdag den 5. Og tor ikke vi får 22 for å si det slik.
    Håper hodet blir bra min venn !!
    Stoooor klem

    SvarSlett
  7. Gratulerer!!
    så flott skrevet:)

    Kan jeg bare spørre deg om noe:
    Hvordan har du fått til bloggroll`en med bilder og nyeste innlegg øverst?
    Jeg vil også ha!
    Klem Torunn

    SvarSlett
  8. Fant det ut nå:)
    Den lå jo på den vanlige...var blitt oppdatert.

    Den som leter skal finne!

    SvarSlett
  9. Gratulerer med bryllaupsdagen da! Vi feira den 8.8 vi og, men dei vi feira med har vore gift i 39 år!!!!Og undertegnede har rubinbryllaup i år..."alla desse dagar som kom og gikk, inte visste jag at det var selve livet"! Har forresten fått på meg rubinringen!!
    Ha ei god veke,helsing moltemor!!

    SvarSlett
  10. Gratulerer med bryllupsdagen som var. Vi har nettopp feira 5 år. Jeg har hatt trekning, og hvis du sender meg adressen din, så kommer det en liten overaskelse i posten til deg.

    SvarSlett
  11. Send navn og adresse hit, så kommer det noe snart :) beate_m_s@hotmail.com

    SvarSlett
  12. Irina/Alex: Kor mange år ein får saman er det ikkje alltid så godt å vite. Nokon blir forlatt, andre forlet.. Nokon misser den ein vil leve saman med.. Og eg er så heldig at eg fortsatt har mannen min!

    hvorfor ikke: Takk ;-)

    moltemor: Ja, tida rasar avgårde. 8.8 er nok ein populær dag, veit om fleire som enten forlova eller gifta seg på denne dagen.

    Beate: 5år sidan, akkurat som i går det ;-)
    Koseleg med overrasking! Takk..

    SvarSlett
  13. Takk for kommentar :)

    SvarSlett
  14. Gratulerer med 22 års ekteskap. Fantastisk :)
    Ha en fin dag
    Klem

    SvarSlett
  15. Jeg er ikke personlig kristen, men har en slags tro og respekt for gud og kirke. Dette var det eneste jeg ba presten lese opp i vårt bryllup, fordi jeg synes det er så inderlig vakkert.

    SvarSlett
  16. Anna Lisa: Ja, det fantastisk. Eg føler meg RIK!
    Ikkje på jordisk gods og gull, men fordi eg får tilhøyre nokon... Som er glad i meg som den eg er og ikkje som den han skulle ynskje eg var. Ikkje at livet er dans på roser, men eg lærer meg meir og meir å sette pris på det eg har..

    kari-carpe diem: Der er ordet. Inderleg vakkert!
    Takk skal du ha! ;-)

    SvarSlett

Koseleg med ein kommentar ;-)
(måtte diverre stenge for anonyme då det kom så masse spam)