torsdag 6. august 2009

Gåver ;-)

Eg har mange venner som gir meg mykje berre ved å være seg sjølv.

Men innimellom får eg og/eller vi gåver. Denne flotte hardangerbrikka fekk vi med ei kjempekjekk dame som har stor omsorg for oss. Tenk ho har kava i mange timar berre for å glede oss. Tusen takk!Eg er veldig glad i blomster. Og det veit nok M som gav meg denne skjønne planta, berre fordi eg hadde henta litt post for henne. Tusen takk!
Og sjå kva eg fekk med http://ingervalbo.blogspot.com/ då ho kom heim frå Japan. Herlege frø til å strø på is eller liknande. Kjekt med smak frå andre land! Tusen takk!

Men gåver gir ein kvarandre oftast av ein eller anna grunn, ikkje sant?

I dag var eg og husbonden innom ein brukt butikk..

Der fann han ei fin bok til meg som eg vart veldig glad for å få.

Den heiter Godt sagt om kjærlighet..

det fyrste eg las i den var:

Når en mann gir sin kone en gave uten grunn, er det en grunn.

Molly McGee

Stilig ikkje sant ;-)







6 kommentarer:

  1. Å, så flott och STILIG! Ja, vi kan vara lyckliga som har goda män vid vår sida, och som ger presenter ev en eller annan "grunn";0) Ha en bra dag! önskar hemmafrun

    SvarSlett
  2. Ja det er ikkje alltid det er dei dyraste gåvene som gledar mest.
    At det ligg ekte omsorg i dei varmar meir :)

    SvarSlett
  3. hemmafrun: Ja, vi er heldige ;-)

    Marie: Du har heilt rett, ikkje mengde og pris - men nettopp tanken bak!

    SvarSlett
  4. Det er veeldig koselegt innimellom å få ei gåve!
    Det er dei små uventa gåvene som blir hugsa best!
    Og du...som har ein slik flott butikk i nærleiken- det er lov å kjøpe gåve til seg sjølv innimellom! Og...ete ei skive for meg! :)
    God helg

    SvarSlett
  5. Kjekt du likte den japanske smaken!

    SvarSlett
  6. Tante Mimmi: Eg må sjå innom Krukkehuset neste gang eg er i Vik.. og ete ei skive for deg ;-)
    Og du har rett, små gåver/uventa gåver gir annleis glede..

    Inger: Kjekt med noko nytt...

    SvarSlett

Koseleg med ein kommentar ;-)
(måtte diverre stenge for anonyme då det kom så masse spam)