onsdag 12. august 2009

AVHENGIG...

Bilete lånt her: http://gfx.dagbladet.no/dinside/2004/08/10/mobil_sak.jpg
Er du avhengig av noko?
Noko du ikkje KAN greie deg utan?
Noko du berre må ha?

Det er ikkje alltid at vi set pris på det vi er avhengige av før vi ikkje har det!

Dei siste dagane har vore ille...

Tenk vår gode AEG sviktar oss...
Vil ikkje vaske eit einaste kleplagg meir..
SUKK!

Med fem i familien vert ein SÅ avhengig av at vaskemaskina gjer sin jobb..
Kanskje den sviktar fordi eg ikkje har sett nok pris på den..
At eg ikkje har takka for jobben den gjer...

No er gode råd dyre, skal ein reparere eller kjøpe ny?
Og reperatørar veks ikkje på tre.. Enten så har dei ferie.. Eller så kan dei ikkje kome før om ei veke.. Og eg/vi kan no ikkje klare oss utan vaskemaskin ei veke til..

Mor mi vaks opp på ein avsides liggande gard...
Ikkje var der innlagt vatn.. og ikkje innlagt straum..
For å få vatn måtte dei gå langt, og så bar dei to bøtter vatn heim på skuldrane sine..
Og når kleda skulle vaskast måtte dei fyre i omnen for å få varmt vatn..
Ei anna tid..
Eit anna liv..

Men samtidig ikkje så lenge sidan..

Kanskje vi må tenke oss om: Vi har så lett for å ta ting og dei vi har rundt oss som ei sjølvfølge..
Men når ting ikkje fungerar lenger og dei vi har rundt oss er borte.. Kva då?

Kanskje vi skulle sette meir pris på kor godt vi har det?
Og takke for det?
Og ikkje minst vise dei vi har rundt oss kva dei betyr for oss!

Ha ein god kveld!

5 kommentarer:

  1. Ja, tänk så gott det är att vara beroende av saker IBLAND. Kom gärna hit och tvätta om du vill. Fast vi har en BOSCH...;0)

    SvarSlett
  2. Hemmafruns hørna: Takkar for tilbodet! Må ta ei avgjerdsle seinast i morgon...

    SvarSlett
  3. Mor fekk ikkje vaskemaskin før eg var tenåring. Ho hadde ei stor jerngryte med ovn under som ho fyrte i. Eg kan ennå mane fram lukta av kokande klede. Etterpå var det å skylje i fleire vatn og vri ut så mykje ho klarte med handemakt og få det på snora. Deretter slo ho vaskevatnet over i ein trestamp og brukte det til ulike plagg, det skitnaste til slutt. Det skurte ho på vaskebrett. Om sommaren var det ofte for lite vatn i brønnen, då bar ho dei vaska kleda til ei kjelde 30-40 meter frå huset der ho auste opp bøtte etter bøtte, etter bøtte...
    Om vinteren når det ikkje var klestørk hengte ho kleda på "uteloftet"(eit stort rom mellom sovesalane) der ho måtte breie papirsekker utover golvet for det draup og draup...

    Det rare er at eg hugsar at ho alltid nynna då ho vaska klede. Sjølv då ho hadde neglabit då ho skylte klede i iskaldt vatn vinterstid.

    Eg er SÅ glad for at me i dag har vaskemaskinar!!! Men du så hjelpelause me blir når han sviktar! Det hauar seg opp...

    Håpar at det ordnar seg :)

    SvarSlett
  4. Det høyrdest trasigt ut. Tips: Solfrid har ei vaskemaskin i leilegheita som ho ikkje bruker. Eg lurte på å låne den, men veit ikkje om eg får plass her. Håper det ordnar seg, iallfall!

    Eg er visst blitt avhengig av PC og internett...
    Men litt av det er jobb. Du kan sjå den første artikkelen min på www.vestborg.no

    SvarSlett
  5. Marie: Så rart med slike minner.. Tenk ein kan endå til kjenne lukter..Kanskje eg skal begynne nynne ;-)

    Inger: Det er trasig, men ordnar seg nok. Takk for omtanke! Og du er flinke!

    SvarSlett

Koseleg med ein kommentar ;-)
(måtte diverre stenge for anonyme då det kom så masse spam)