Om 2 mnd er det faktisk Jul igjen.
Alt no sel dei Julebrus og kakemenn.
Og for kvar dag som går kjem det meir og meir reklame i postkassa.
Det er visst ALT vi må rekke før Jul!
Sist Advent gjekk eg rundt i eit Julepynta Ålesund,
tok litt bilder og tenkte:
"Kven tjene på Jula?"
Eg for min del ynskjer meg ei roleg Adventstid.
Ei tid for ettertanke og glede.
Ikkje mas og kav.
Sjølvsagt er det koseleg å lage litt fint,
og kanskje kjøpe noko nytt også.
Men hugs at alt du styre med må vere fordi
du sjølv ynskjer det.
Kven skal "tjene" på Jula i år?
Det er det du og eg som bestemmer.