søndag 3. januar 2016

LÆR OSS Å TELJA VÅRE DAGAR


VI ER PÅ VEG INN I DET NYE ÅRET..
TRE DAGAR ER STRAKS OMME.

SER DU FLYET PÅ BILDE?
AKKURAT NÅR VI GJEKK TUR KOM DET OVER HIMMELEN.
PÅ VEG TIL EIT MÅL.

ALLTID PÅ VEG TIL EIT MÅL, TIDA FLYG.
KANSKJE DET IKKJE FØLEST SLIK FOR ALLE..
MEN FOR MEG SOM HAR EIN AKTIV KVARDAG FØLEST DET SLIK.


SÅ MÅTTE EG STOPPE OPP IGJEN OG BE SOM SALMISTEN:


"LÆR OSS Å TELJA VÅRE DAGAR
SÅ VI KAN FÅ VISDOM I HJARTET!"


1 Herre, du har vore ein bustad for oss
   i slekt etter slekt.
2 Før fjella vart fødde,
    før jorda og verda vart til,
    frå æve til æve er du, Gud.
3 Du lèt mennesket bli til støv att
     og seier: «Menneskeborn, vend attende!»
4 For tusen år er i dine auge
     som dagen i går då han fór framom,
     eller som ei nattevakt.
5 Du skyl dei vekk som ein søvn om morgonen.
   Dei er lik graset som svinn bort.
6 Det blømer om morgonen, så svinn det bort.
   Om kvelden visnar det og tørkar inn.
7 Vi går til grunne ved din vreide,
   redsle grip oss ved din harme.
8 Du set syndene våre framfor deg,
   det vi løyner, stiller du i lyset frå ditt andlet.
9 Alle våre dagar fer forbi,
   ved din harme går vi til grunne,
   åra våre er som ein sukk.
10 Vår levetid er sytti år,
   åtti når det er styrke til det.
   Dei beste åra er fulle av strev og urett.
   Dei går fort, og vi flyg av stad.
11 Kven kjenner styrken i din vreide?
   Din harme gjev grunn til å frykta deg.
12 Lær oss å telja våre dagar
   så vi kan få visdom i hjartet!


6 kommentarer:

  1. Vakkert igjen fra deg. Fint å lese de versene på nynorsk. Godt nytt år til deg :)

    SvarSlett
  2. Å telle dagene, er å se ting i perspektiv. I mitt yrke er døden stadig nærværende. La oss være takknemlige for hver dag vi får, og leve mens vi er her!

    Jeg ønsker deg en god og rik uke!

    SvarSlett
  3. Viktig bibelvers å ha med seg inn i det nye året! Takk for mange gode påminningar i 2015 og fine kommentarar på bloggen min. Velsigna nytt år til deg og dine!

    SvarSlett
  4. Vakkert .... Håper du har hatt en fin jule- og nyttårsfeiring. Jeg har hatt en god pause, men er i farta igjen! Takker for dine gode kommentarer i året som gikk. Ønsker deg et riktig godt nytt år!

    Klem fra Irene

    SvarSlett

Koseleg med ein kommentar ;-)
(måtte diverre stenge for anonyme då det kom så masse spam)