NYDELIGE SKODJE BRU FRÅ 1922.
LITT INFORMASJON:
Skodje bru, som var ferdigstilt i 1922, skal vere den største buebrua i Skandinavia, og er eit arkitektonisk og handverksmessig meisterverk. Steinen i bogane og i endekara er handhogd. Bindingsmuren er gjort av brun klinkerstein.
No er den gamle brua stengt for biltrafikk, og ei ny bru, Straumsbrua, teken i bruk frå 3. juli 2004.
Området ved Straumen og den gamle brua er ei perle, og ved bygginga av ny bru vart det lagt vinn på at den nye brua skal stå arkitektonisk i harmoni til den gamle brua. Dette har ein lukkast med, og området framstår no som ein attraksjon det er vel verdt å få med seg. Skodje bru er blitt gang- og sykkelveg, og skal takast vare på som kulturminne. Statens vegvesen har lagt til rette for publikum mellom anna med eit utkikkspunkt og parkeringsplass på nordsida av nybrua. Det er her også lagt til rette for funksjonshemma. Den nye brua har fortau og er opplyst, og den gamle brua vil bli lyssett for at den skal kome til sin rett også på kveldstid. (henta frå her)


STRAUMSBRUA SOM VAR NY I 2004 ER OGSÅ VAKKER Å SJÅ PÅ.
.....................
SOMMAREN HAR HITTIL VORE KALD. MEN INNIMELLOM GLIMTAR DET TIL.
DÅ ER DET BERRE Å "KASTE" FRÅ SEG ALT EIN HAR I HENDENE OG KOME SEG UT I DET FRI.
ER DU PÅ SUNNMØRE ER EIT BESØK PÅ SKODJE BRU VEL VERDT Å FÅ MED SEG.
................................