refleksjon (av lat., jf. reflektere). 1. Tilbakekasting (av lyd el. lys); avspeiling, gjenspeiling. 2. Ettertanke, overveielse. Gjøre seg sine refleksjoner, tenke sitt. frå www.caplex.no.
lørdag 29. desember 2012
Romjulsdagar
Romjulsdagar..
Stille og gode..
Men også litt stress..
Det er alltid nok å gjere i ein heim som ein absolutt bør gjere når ein har fri.
Romjulsdagar..
Snøen kom og snøen drog..
10,5 grader den 29.12.12!
Romjulsdagar..
Må vere litt sjukepleiar når influensa rammar.
Godt å få vere til hjelp, men vondt sjå andre har det vondt.
Men det går over..
Romjulsdagar..
Går visst litt for fort..
Snart Nytt År!
Snart kvardag igjen..
Korleis er dine Romjulsdagar?
søndag 23. desember 2012
No tenner vi...

Bilde lånt her
No tenner vi det første lys,
åleine må det stå.
Vi ventar på det vesle barn
i krubba lagt på strå.
2
No tenner vi det andre lys,
dei står der stilt og skin.
Vi ventar på at Gud, vår Far,
vil sende Sonen sin
3
No tenner vi det tredje lys,
det er eit heilagt tal.
Vi ventar på at Kongen vår
skal fødast i ein stall.
4
No tenner vi det fjerde lys
og natta vert til dag.
Vi ventar på ein Frelsarmann
for alle folkeslag.
Tekst: Sigurd Muri frå Ørskog
Dette er den Adventsongen som ligg mitt hjarte nærmast!
God Jul til alle som er innom!
♥♥♥
onsdag 19. desember 2012
Gi meg ikke din styrke
Gi meg ikke din styrke
men vær sterk
så jeg kan finne min
Gi meg ikke din visdom
men fortell hvor den har kilden sin
Gi meg ikke ditt liv
men lev
så jeg kan leve mitt
Gi meg ikke din kjærlighet
men elsk mitt hjerte fritt
Gi meg ikke din glede
men vær glad
så jeg kan finne min
Ta gjerne fra meg min smerte
men gjør den ikke helt til din
men vær sterk
så jeg kan finne min
Gi meg ikke din visdom
men fortell hvor den har kilden sin
Gi meg ikke ditt liv
men lev
så jeg kan leve mitt
Gi meg ikke din kjærlighet
men elsk mitt hjerte fritt
Gi meg ikke din glede
men vær glad
så jeg kan finne min
Ta gjerne fra meg min smerte
men gjør den ikke helt til din
av Bjørn Eidsvåg
...........................
Vondt å oppleve at fleire av dei ein har i ♥ slit med sorg og sjukdom.
Viktig å vere der for dei som ynskjer det.
.....
Har lyst å tipse om ein nydeleg og sterk blogg som eg vil du skal besøke:
MØRKEROMMET
mandag 17. desember 2012
Før Julsgåve!

Er ikkje eg heldig så veit ikkje eg!!!
Mette med den herlege bloggen
Miss Mette hadde lyst å gi ein av leserane ei Førjulsgåve og eg vant...
Tusen takk Mette!
Besøk henne gjerne, ho har ein flott blogg og mange flotte tips,
oppskrifter og bilete!
Gler meg til å sjå kva det er...
Spennande, men eg har mine mistankar ;-)
søndag 16. desember 2012
No tenner vi det tredje lys...
No tenner vi det tredje lys,
det er eit heilagt tal.
Vi ventar på at Kongen vår
skal fødast i ein stall.
det er eit heilagt tal.
Vi ventar på at Kongen vår
skal fødast i ein stall.
Ja, no nærmar den store dagen seg fort..
Og alt det praktiske er enno ikkje på plass..
Men for meg handlar det mest om kvifor vi feirar Jul og ikkje ramma rundt.
Og tankane mine går til dei som har ei annleis Jul i vente på grunn av sjukdom og sorg!
Måtte vi som er rundt vere dei nær slik at dei kjenner at dei ikkje står aleine i det som er vanskeleg.
Ha ei fin siste veke før Julehelga kjem!
...........
Etiketter:
advent,
Sigrid tankar
lørdag 15. desember 2012
Frans av Assisis bønn
Herre - gjør meg til et redskap - for din
fred!
La meg bringe kjærlighet - der hatet råder. La meg bringe forlatelse - der urett er begått. La meg skape enighet - der uenighet råder. La meg bringe tro - der tviler råder. La meg bringe sannhet - der villfarelse råder. La meg bringe lys - der mørket ruger. La meg bringe glede - der sorg og tyngsel råder!
Å
Mester!
La meg ikke søke så meget å bli trøstet - som å trøste. Ikke så meget å bli forstått - som å forstå. Ikke så meget å bli elsket - som å elske! For det er gjennom at man gir - at man får. Det er ved å glemme seg selv - at man finner seg selv. Det er ved å tilgi andre - at man selv får tilgivelse! Det er ved å dø - at man oppstår - til det evige liv!
Amen
|
fredag 14. desember 2012
Vinterglimt
Sjølv om her har vore nokre forholdvis kalde dagar
så er det herleg å oppleve kvitt landskap og rosa skyer.
Med ynskje om ei vakker Adventshelg til deg, ja nettopp til deg!
torsdag 13. desember 2012
HIMMELSK JUL I ÅLESUND
Juletreet i Ålesund er vakkert pynta i år.
Lys og store sløyfer gjer det til eit flott blikkfang.
Og rett ved sidan av står Frelsesarmeen med gryta si.
Viktig å hugse på at det er mange som
treng hjelp for å klare kvardagen sin.
Ikkje alle som kan glede seg til Jul..
Les: Hjertespor
Flott blogg som set søkelys på viktige sider av livet
...........................
Mitt bidrag til
si Himmelsk utfordring
tirsdag 11. desember 2012
JULESTEMNING / CHRISTMAS SPIRIT
Eit ikkje heilt perfekt bilete, eg veit det..
Men å passere denne på veg heim:
Innlegg på Mandagstema hjå Helen med bloggen
ALT SOM ER VAKKERT
Dagane går fort no, går eller kjem..
Om litt over ei veke kjem store gutane heim til Jul.
Det gler vi oss til.
Vere saman alle 5!
Då er det Jul :-)
Dagane går fort no, går eller kjem..
Om litt over ei veke kjem store gutane heim til Jul.
Det gler vi oss til.
Vere saman alle 5!
Då er det Jul :-)
Etiketter:
Jul,
mandagstema,
slekt,
vinter
fredag 7. desember 2012
Stjerner
Ingen stjerner er lik..
Dei er akkurat som du heilt unik!
Kvar enkelt strålar kun på sin eigen måte..
og blunkar til oss om ei gåte!
Dei fortel om det som skjedde fyrste gong
då englane kom ned med Julesong.
Då stjerna viste vegen for Vismenn tre
og enno vil dei minne oss om Juleevangeliet!
-sigrid 06.12.12-
............................................
Inspirert av Lillian/Millas blåbærtua sitt innlegg om stjerner på veggen sin..
Bilete er lånt av henne :-)
PS: har du besøkt Mormors klagemur si Desemberside?
Der er mitt innlegg
Ikkje få panikk.... linka til.
Der vil du også finne andre sine tankar om ting og tang.
Det meste er Julerelatert.
God helg!!
Etiketter:
advent,
blogg,
dikt,
inspirasjon
torsdag 6. desember 2012
Himmelsk desembersol
Petunia har igjen lagt ut link til
og eg ynskjer å vere med.
![[4987378325_b77095bd20_b%255B1%255D%255B4%255D.jpg]](https://blogger.googleusercontent.com/img/b/R29vZ2xl/AVvXsEgYIx-GX2QJUPY-PrnGg2zXLyYWjXfpeDJJqnfEAmmJ0at07_4LlC-RCTIY16YkJVztsZvatkrHX5mW0LjRelVMormpk5WSMSN60UceeXZ-Wci2C-KQCPoBoHqH_3FQuV7WuoULkl_wNBaF/s200/4987378325_b77095bd20_b%25255B1%25255D%25255B4%25255D.jpg)
Denne gongen er det lav desembersol som er motivet mitt.
Sjølv om det er kaldt må eg seie at det er eit fantastisk ver vi har her
på Sunnmøre desse dagane.
Det skal visst bli litt mildare, men det fine veret ser ut til å vare ved.
Ikkje mykje å syte over dette varselet frå yr.no i allefall.
Fredag7. desember | Lørdag8. desember | Søndag9. desember | Mandag10. desember | Tirsdag11. desember | Onsdag12. desember | Torsdag13. desember | Fredag14. desember | Lørdag15. desember |
---|---|---|---|---|---|---|---|---|
![]() | ![]() | ![]() | ![]() | ![]() | ![]() | ![]() | ![]() | ![]() |
-5° | -2° | 1° | -1° | -2° | -1° | 0° | -1° | -1° |
0 mm nedbør i døgnet | 0 mm nedbør i døgnet | 1,2 mm nedbør i døgnet | 0 mm nedbør i døgnet | 0 mm nedbør i døgnet | 0 mm nedbør i døgnet | 0 mm nedbør i døgnet | 0 mm nedbør i døgnet | 0 mm nedbør i døgnet |
![]() | ![]() | ![]() | ![]() | ![]() | ![]() | ![]() | ![]() | ![]() |
Vonar du har fine Adventsdagar der du er midt i ditt liv!
Etiketter:
HIMMELSK
mandag 3. desember 2012
DESEMBER-STEMNINGER / DECEMBER MOODS
Helene med bloggen
utfordrar oss igjen.
Denne gongen er det
ho vil ha på Mandagstema.
Kva gir vel meir stemning enn eit bakebilde?
Det er mi kjære storesøster som svingar kjevle så flott.
Mamma brukte å kome til systra mi i slutten av november.
Då var det baketid!
Etter at mamma døde i år 2000
har vi prøvd å halde tradisjonen i hevd.
Så no er årets produksjon av lefser ferdig baka og ferdig smurt i frysaren.
Herleg!!
søndag 2. desember 2012
1.søndag i Advent
Lav desembersol forsvinn for andre gong denne dagen.
Eit høgt fjell gjer at den er borte ei lita stund, men så kjem den igjen.
Vi er heldige som har sol året rundt.
Det er vakkert ute no.
Kaldt, klart og barfrost.
Fint å kome seg ut ein tur.
Og ikkje minst godt å kome i hus igjen.
Tenk det er 1.søndag i Advent.
Det fyrste lyset er tent.
No er det ventetid...
No tenner vi det første lys,
åleine må det stå.
Vi ventar på det vesle barn
i krubba lagt på strå.
åleine må det stå.
Vi ventar på det vesle barn
i krubba lagt på strå.
GOD ADVENTSTID TIL DEG FRÅ MEG!
.............
.............
Abonner på:
Innlegg (Atom)