torsdag 28. januar 2010

frykt og tillit




frykt banket på døren

tillit åpnet

det stod ingen utenfor


asiatisk ordspråk

Ynskjer alle mine bloggvenner ei riktig god helg i inn og utland!

tirsdag 26. januar 2010

Den usynlige

Til minne om Jan Erik

Enkelte ting får sjølv meg til å bli mållaus og satt ut.
Heilt tilfeldig såg eg ein artikkel på Dagbladet si nettside, les her
Den var SÅ sterk at eg berre måtte lese heile artikkelen.

Det handla om den usynlege, den som ingen ser...
Og som ingen saknar den dagen han døyr....
Ikkje det at det spelar noko rolle for meg kor mange som kjem i gravferda mi, for då er eg ikkje der..
Men at ingen kjem, at ingen bryr seg...
Det vitnar om ei einsemd så djup og sterk at sosiale meg ikkje kan fatte rekkevidda av det!

Slike tankevekkerar er sterke å få!
Det gjer at eg med endå større takksemd ser rundt meg på det som fyller mitt liv....


mandag 25. januar 2010

Lykke, kva er det?

Etter ei hektisk helg med bursdagsfeiring
for dei to eldste borna kjenner ein seg litt sliten.
Sliten, men lukkelig ;-)

Tenk så kjekt vi har hatt det. Farmor og farfar som begge har bikka 80år var tilstade. Begge tantene deira kunne kome. Og ein onkel og eit søskenbarn. Mi gode vennine LB og mannen var også tilstade. LB som eg møtte i min ungdom og som fekk vere fadder på eldsteguten vår.

Eg har SÅ mykje å vere takknemleg for!

Difor vil eg i dag annbefale bloggen til Elisabet Livet i Lønnetunet. Ho har eit innlegg med tittelen Enkle regler for lykke. Sjølv om eg har høyrt historia før var det godt å bli mint om det.

YNSKJER ALLE EI FLOTT VEKE!

torsdag 21. januar 2010

Murar oss i mellom?

Har du tenkt over det slitet forfedrane våre hadde?
I dag ordnar ei gravemaskin det meste,
men før........
Fyrst så bora dei for hand og så sprengte dei steinen. Så brukte dei ein steinbokk til å flytte på steinen. Hest og kjerre måtte til for å frakte den på plass.
Og ved hjelp av handemakt og steinbokk fekk dei lage muren til låvebrua.

Ein mur kan vere nyttig den, her for å lage ei låvebru.
Murar til hus og andre bygningar på garden var viktige for å lyfte sjølve huset vekk frå bakken. Andre gongar laga dei murar på grensa mellom naboar.

--------------------------------------------------

Murar er ikkje alltid positive, den er ei grense som det kan straffe seg å gå over.
Berlinmuren er eit døme på det.

Men ein usynleg mur lagar ofte like store problem som ein synleg kan gjere.

Kvifor veks murane mellom oss så raskt?
Kvifor let vi att hjartet for kvarandre
– endå vi lengtar inderleg etter meir kontakt?

Guds Kjærleik er
1.Guds kjærleik er som stranda og som graset, som vind og vidd og jord og allheims rom. Vi fridom fekk å bu der, gå og koma, å seia ja til Gud og seia nei. Guds kjærleik er….

2. Vi vil ein fridom der vi er oss sjølve, ein fridom vi kan gjera noko av, der ingen tomleik finnst, men rom for draumar, ein jord der tre og blomar kan slå rot. Guds…

3.
Og endå er det murar oss i mellom, og gjennom sprinkelverk vi tøyer hand. Vårt fangerom er murt av redsle-steiner, og fangeklede er vårt stengde eg. Guds kjærleik…

4. Å døm oss, Herre, frikjenn oss i domen! I di forlating fridom finst og von. Den rekk så vide som din kjærleik vandrar, til folk av kvar ein rase og nasjon. Guds kjærleik…

Teksta til sangen Guds kjærleik fann eg her.

tirsdag 19. januar 2010

Sitat igjen ;-)

Vart så ivrig på sitat, fann så mange eg kunne dele med dokke:

"Ei kjærlig og vennleg
handling vil kanskje
ikkje endre historia sitt løp,
men viss den endrar livet si
retning for ein enkelt,
er det verdt det!"
........................................................................
Kanskje det er noko å reflektere over på ein heilt vanleg tysdag?

mandag 18. januar 2010

Sitatutfordring

Alle kongar har ein gong vore ein hjelpelaus baby.
Alle tre har ein gong vore eit lite frø.
Alle store hav kan få ei krusning til å bli eit inferno av bølger.
Alle strukturar har starta som ei teikning.

Det kjem ikkje ann på kvar du er i dag,
men kvar du er på veg.


Elin utfordra meg på eit sitat og med eit bilete som høver til.
Har hatt det litt hektisk dei siste dagane....
Men betre seint enn aldri ;-)


HA EI FLOTT NY VEKE I DITT LIV!

Ps: Utfordrar Hjertebank til å kome med eit sitat og eit bilete.




søndag 17. januar 2010

Sju ting om meg... og tankar om blogging....


Britaiskogen har gitt meg ei utfordring....og ein award.
(Awarden er det Hulda som laga ein gong)
Takk for begge to!
Utfordringa var: Skrive sju ting om meg sjølv.
Har for så vidt teke den før........
Då eg var veldig, veldig fersk bloggar i fjor haust vart eg utfordra av
....hvorfor ikke..... og ho igjen hadde vorte utfordra av Molly.
Her er resultatet av den

Begge hadde bloggar som du vart glad, trist, opprørt og inspirert av...
No har ....hvorfor ikke.... lagt ned sin blogg og Molly har ope berre for inviterte.
Det er deira valg å ikkje blogge.....eller kun blogge til spesielle..
Men trist for dei av oss som treivst med å sjå innom dei.

Ei vennine lurte på om eg kjende desse som kommenterte hjå meg.
Nokre kjenner eg, andre veit eg kven er, men dei fleste er heilt ukjende for meg.
Alle er dei mine bloggevenner, som eg kan le og gråte saman med.
Og som i mi "verkelege" verd er det nokre eg har meir kontakt med enn andre.
Vennskap er noko rart. Nokre menneske har ein som venner heile livet, medan andre har ein kontakt med berre ei kort stund. Og slik er det i bloggverda også.

Men no må eg prøve skrive 7 ting om meg sjølv som eg ikkje skreiv sist:
  1. Vaks opp på eit lite småbruk
  2. Allergisk mot katt, hund m.m :-(
  3. Har bodd både i Trondheim (KVT) og Oslo (Fjellhaug)
  4. Har 23 års bryllaupsdag i år ;-)
  5. Utdanna førskulelærar
  6. Mor til tre
  7. Er veldig glad i blomster
Så no veit dokke heile 17 ting om meg!

Og her er dei som eg gir utfordringa vidare til, men berre viss dei vil:

God søndagskveld til alle!