Viser innlegg med etiketten tips. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten tips. Vis alle innlegg

søndag 30. august 2015

VINNARLUKKE! KANSKJE DU OGSÅ VINN?


HELDIGE MEG! 
SJÅ KVA EG VANT I SOMMAR!
TUSEN TAKK TIL
ÅPENT^HUS DAMA


MEN KANSKJE DET ER DIN TUR Å VINNE?

NO HAR BLOGGEN ÅPENT HUS NYTT BLOGGLOTTERI 
OG DENNE GONGEN ER DET 
FANTASTISKE PUTER SOM ER PREMIEN.
DEI ER LAGA AV KUNSTNAREN LINE BERGSETH.


MEN HUGS Å VERE RASK.
TREKNINGA ER I MORGON 31.AUG.
.....

FIN NY VEKE TIL DEG!

mandag 16. februar 2015

På tide?



TUSEN TAKK TIL LOKALBUTIKKEN
som minner meg om å sende Juleposten i tide!

Men eg brukar no vel ikkje 10mnd på å skrive den?
...........................
Syns det er litt artig når slike plakatar vert hengande litt for lenge.
Vert litt morosamt når bodskapen på plakaten er ute i for god tid.


onsdag 20. november 2013

Røros i ♥ av Noreg


Vakre Røros kirke!



Flotte gamle hus i gatene!
.............

Om du ein dag får lyst til å vere turist i ditt eige fedreland vil eg annbefale deg turen til Røros.
Ein vakker stad med historisk sus.

torsdag 29. november 2012

Himmelsk Ålesund


Tja, er Ålesund ein Himmelsk by?
Kanskje ikkje i ordets rette forstand :-)


Bidrag til Petunia si
Himmelsk utfordring
4987378325_b77095bd20_b[1]

Dette bilete er tatt i full fart sist veke. Var på kurs i bystyresalen på Ålesund rådhus.
Til vanleg vert Ålesund presentert som Jugend byen.
Men Ålesund har også ei anna side...
Eit pulserande bybilde med bygging/renovering, båttrafikk/fiske og parkerte bilar.
Levande menneske som vandrar til og frå arbeid, butikkar etc.

Er det ikkje slik med dei fleste, at ein ikkje berre har ei side..
At ein kan vere ulik alt etter kva rolle ein har?


(Må ikkje misforstå, eg syns Ålesund er ein flott by.
Men den har mange ulike sider og ikkje alle er like flotte.)



..............................
Og i desse Advents- og Julekalendertider så kjem eg med eit svært godt tips.
Besøk sida:
En Julekalender for voksne 

Det er Unicef som står bak den.

mandag 4. juli 2011

Lar vi oss lure?


Dette er bilete av oppvasktablettar, ein uopna pakke.
Ser du det same som meg?
Det kunne vore plass til dobbelt så mykje i den!!
Eg har nemleg prøvt å stable alle i topakningen i ein pakke og
det er akkurat plass til dei.

Kan vi som forbukar gjere noko her?
Tenk på all lufta som vert frakta rundt på tog og lastebil..
Og dette er berre eit døme.
Sjå deg rundt i butikken neste gong du er der...
Eg er redd du vert overraska!

klem frå ei litt snufsete Sigrid

lørdag 8. januar 2011

Bambi på isen, eller?


Ved å følge denne kan dei faktisk kjøpast her og eg er ikkje sponsa altså!

Litt brodde reklame her..
Eg har eit slikt par eg..
Trur du eg hugsar å ta dei med?
Kvar gong eg treng dei ligg dei heime.

Ha ei fin helg (på glattisen) 
og hugs broddar!!

tirsdag 16. november 2010

Dagens middag

bilete lånt på www.leroy.no

Fekk lyst til å dele dagens middag 
med dokke..
Ingenting er så snerte som laksefilet som ein berre 
kan sette rett i omnen :-)
Og for å gjere det litt ekstra godt var 
eg lydig og fulgte råda på pakken..
Paprika, sopp og løk fekk plass innimellom laksebitane.

Laks inneheld vitamin D og 
dei fleirumetta omega -3 fettsyrene 
EPA og DHA.

HA EIN FORTSATT FLOTT TYSDAG!

lørdag 13. november 2010

Rooibos - ein raud te med mange gode eigenskapar



Har oppdaga ein te som eg syns er svært god..
Den skal visst ha mange positive eigenskapar også..
Om det er sant alt som er skreve om den veit eg ikkje,
men når smaken er god tek eg evnt. gode eigenskapar med på kjøpet :-)


"Antioksidanter er i skuddet som aldri før. I den siste tiden har det dukket opp en te på markedet som kalles rooibos (uttales royboss), og som markedsføres med påstander om at den er svært helsebringende fordi den inneholder store mengder antioksidanter.
Rooibosplanten er en sørafrikansk busk i ertefamilien som man lager en rødfarget te av. Teen inneholder ikke koffein eller teofyllin, svært lite garvestoffer, men mye antioksidanter av polyfenoltypen. Selv om teen foreløpig er lite kjent blant folk flest i Norge, har den vært brukt i generasjoner i områdene ved Cedarbergfjellene i Sør-Afrika. Mange av de som selger teen påstår at den har en rekke positive virkninger på vår helse, og viser til nylig utførte studier som forteller at antioksidantene som finnes i rooibos-teen kan beskytte mot kreft, hjertesykdommer og slag. Men hva ligger det i disse påstandene?"

Meir spennande informasjon finn du her

fredag 5. november 2010

Visste du at…

bilde og info funne hjå Grethe Roede


du forbrenn 100 kalorier når du sorterar, 
vaskar og legg saman tøy i samanlagt 
47 minutt?

Tenkte det kunne vere ei oppmuntring for 
alle som styrer og steller i huset :-)

God helg!

mandag 4. oktober 2010

ROSA

Oktober er månaden for Rosa sløyfe aksjonen.

Det er Kreftforeninga sin aksjon for å sette brystkreft i fokus.


Ein kan støtte på mange måtar, enten ved å gi direkte pengar
eller handle ROSA produkt i butikken
eller handle ROSA produkt i Kreftforeninga sin nettbutikk.

Aleine kan vi lite gjere, men saman er vi sterke.

Forskning er viktig!

Når ein har opplevd kreft i nær familie veit ein at behovet er STORT!

lørdag 7. august 2010

Ansgar

Kunst kan vere så mangt..

Og vi har ulik smak..

Dette er eit kunstverk som eg likar..

Sjå innom denne sida for å lære meir om kunstnaren Ansgar..

onsdag 31. mars 2010

Potte om


Bilete lånt her

For oss som bor på slike plassar der snøen enno ligg tjukk og kald....

Våren let vente på seg og vi klør i våre "grøne" fingrar, kva gjer vi då?

Ikkje fortvil: Vi kan potte om!!

Då får vi kjenne jord i mellom fingrane våre igjen.....

Ja, eg veit at det er best å gjere det ute...

Men viss vi dekkjer godt til med gamle aviser eller plast så vert det ikkje så gale ;-)

For den som treng omplantningstips så finn du det på viivilla.no


tirsdag 2. mars 2010

Såtid!?


Bilete er lånt her


Har du også sett det? Det er visst SÅTID!

Ute lavar snøen ned og det er -10 grader når eg står opp.

Men på ein handletur på Prix vert eg merksam på eit stort stativ med

FRØ!!

Så mange sortar ein kan så:

Gulrot, nepe, reddik, erteblomster etc.

Kva skal eg la meg friste av i dag?


KARSE!


Om litt kan eg strø nyklipt karse på leverpostei skiva mi.

For karse kan eg så sjølv om det er vinter og det snør.

PS: Mars er ein vårmånad! :-)

fredag 1. januar 2010

Hjarteleg Velkomst

Dette hjartet heng ute og ynskjer folk Velkomen inn ;-)

Viss du har lyst til å lage noko liknande sjølv er det nokså enkelt:
  1. Du går i skapet og finn ein ullgensar som ikkje vert brukt, den tovar du.
  2. Så klipper du ut hjarte og pyntar det.
  3. Gå ein tur i skogen (gratis trim), der finn du nokre bjørkegreiner som du formar til eit hjarte.
  4. Så festar du ullhjarte på bjørkehjarte.
  5. Og vips, så har du fin pynt å henge opp der du vil.
Mitt hjarte vart laga på sosialkveld med personalet mitt.
Takk til kreative Maria som hadde alliert seg med si kreative mor.
Før vi laga hjarte fekk vi ete oss gode og mette på herleg heimelaga Hjortegryte.
Og til kaffien vart det servert verdens beste sjokoladekake...

Veldig kjekk gjeng å arbeide saman med og veldig kjekt å gjere noko sosialt saman!
Viktig å tenke på noko anna enn jobb også....

tirsdag 22. desember 2009

RYDDE TIL JUL ;-)

Denne fekk vi tilsendt av ein kamerat:

Hvordan rydde til jul (og ellers i året)?
1. Lag en fil på PC`n din


2. Navngi filen "Rotet i huset"

3. Slett filen

4. PC’n vil nå spørre: "Ønsker du å slette ROTET I HUSET permanent"? Svar ja!

5. Legg bena på bordet, ta en gløgg og les en bok. God jul!

Eller så kan vi no tenkje som slik:

DEI HAR NO RETT TIL Å FEIRE JUL HYBELKANINENE OGSÅ ;-)

onsdag 16. desember 2009

Tulipantips

Når eg fyrst er i blomsterhumør ;-) vil eg tipse om tulipanar som kan kjøpast på Prix.

Ein fin bukett til 40kr!

Viss du tek gran eller anna grønt saman med, og kanskje litt konglar til pynt ...
Då har du ein flott Julebukett som du enten kan gi vekk eller nyte sjølv...
Berre eit lite tips 1.veke før Jul...

eller du kan kjøpe den her.

søndag 13. desember 2009

Litt raudt

Har så vidt starta med å leite fram litt Julepynt. Må få lov å kome noko raudt inn i stova også.
Og aller kjekkast er pynt som borna eller ein sjølv har laga.
Dette er ei isoporkule, kledd med stoff. Laga fyrst merke på kula der stoffet skulle festast. Brukte ein potetskrellar til å stappe det inn. Nokre år sidan eg laga den.
Kreativiteten går visst i rykk og napp. Har lyst til mykje, men...
Med ynskje om ein flott 3.Advents søndag!

mandag 30. november 2009

GJENBRUK

Ein dag eg skulle rydde blandt sengkleda oppdaga eg eit flott blåruta dynetrekk...
Feilen med det var at det var ei rift i det, hm kva skulle eg gjere?

Her var fleire alternativ:
  1. Hive det?
  2. Gøyme det for at eg ein vakker dag kunne veve med det? (Ja, eg har ein vev-stol, men..)
  3. Få nokon til å lage noko?

Alternativ 3 vart valgt!

Eg fekk levere stoffet til ei kreativ dame HAUST.
Og ho "tryllar" fram mykje fint ved symaskina.
No har eg flott gjenbruks-handlenett og pung til ymse små ting.
Viss du har lyst til å sjå kva ho lagar og kanskje kjøpe ei flott Julegåve så kan du sjå innom butikken til HAUST PÅ EPLA.