Viser innlegg med etiketten sommarminne. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten sommarminne. Vis alle innlegg

lørdag 24. september 2016

DAYS LIKE THIS...








Sommaren 2016

Reise til stadar som betyr noko.
Møte menneske som bor i hjerte.

Days like this.. 

Minner som er gode å ta med inn i kvardagen.

God helg!

.........................
Deler på Skywatch Friday

lørdag 2. juli 2016

God Sommar!



Det er absolutt sommar når dei aller fyrste jordbæra 
lyser mot meg i jordbæråkeren vår!
Nydelige på smak!


Om ei veke eller to kan eg kanskje fylle denne 
vakre blå skåla med jordbær 
og ha vaniljesaus i muggen!
...............

GOD SOMMAR!

(det vert ei sommarpause her på bloggen ei stund,
men plutseleg er eg her igjen)

søndag 26. juni 2016

Lepsøyrevet Fyr


Årets BLÅTUR med jobben gjekk til LEPSØYREVET FYR.



Ei bratt trapp førte opp til 2.etg.


Og eg som er så glad i blått måtte berre ta bilete av desse skålene.


Sjå dei flotte fargane! Alt i orginal fargar.


Vi fekk fortalt historia til fyret. Det var så forfalt i 2009 at det nok 
hadde vore vekke i dag om ikkje lokale folk hadde gjort ein stor innsats.


Her har dei valgt å ikkje male på nytt, men heller vise muren slik den var.
Vakkert som eit måleri.


Her er ein minimodell av Fyrlykta.


Eit lite koseleg toalett.


Til slutt hamna vi i eit naust i ei fjøre med grilling og kos.

Takk til S &S for god planlegging og gjennomføring.
Og takk til M som lånte ut naustet sitt.

Ei kjempefin sommaravsluttning!

torsdag 23. juni 2016

Jonsok


Morgonstemning Jonsokaftan 2016


Kveldsstemning Jonsokaftan 2016

.............................

torsdag 3. september 2015

Fjelldraumen


LENGSELEN TILBAKE

BORTOM NESET
NOKRE ÅRETAK TIL
SÅ ER VI DER

FJELLDRAUMEN VÅR
HYTTA VÅR
KVILE OG RO

SÅ GODT Å VERE
BÅDE ALEINE
OG Å VERE TO

KJEKT NÅR
HEILE FAMILIEN
ER SAMLA

FINT NÅR
GODE VENER
FINN VEGEN

MÅTTE DET BLI
FLEIRE DAGAR
OG NETTER

HØYRE UGLA ULE
SJÅ MÅNEN KOME FRAM
ELLER SOLA STÅ OPP

FYRE I OMNEN
SETTE OVER GRYTA
MATEN SMAKAR

HYTTELIVET
GIR ENERGI OG
LUKKE

03.09.15 - SIGRID

...........................................................
OG NÅR ENDÅ TIL FORSKNING MEINAR AT DET ER SUNT:

.......................



tirsdag 25. august 2015

SMAK AV SOMMAR




Etter ein hektisk oppstart både på jobb og privat var det herleg at vi fekk ein smak av sommar.
Ei helg på hytta gjorde underverker for kropp og sinn.

Lukkelege meg som har ein slik stad å søke tilflukt til!

.....................................

LINKA TIL:


..............................................................................................

Ikkje så aktiv på bloggen for tida.
Men eg les og kommenterar innimellom.

Takk til alle som legg igjen livsteikn hjå meg!

-Sigrid-

onsdag 5. august 2015

I FJØRESTEINANE



FERIE!!

BERRE VERE OG INGENTING GJERE..

HØYREST IKKJE DET FLOTT UT?




tirsdag 28. juli 2015

SOMMARDRAUM 2015


DETTE ER MIN SOMMARDRAUM!
SÅ UENDELEG VAKKERT!


BLIR ALDRI LEI AV DETTE MOTIVET.
DET ØVERSTE ER TATT PÅ SØNDAG.
DET NEDERSTE ER FRÅ JULI 2014.

VONAR DIN SOMMAR ER FIN!!

torsdag 9. juli 2015

SKODJE BRU


NYDELIGE SKODJE BRU FRÅ 1922.

LITT INFORMASJON:

Skodje bru, som var ferdigstilt i 1922, skal vere den største buebrua i Skandinavia, og er eit arkitektonisk og handverksmessig meisterverk. Steinen i bogane og i endekara er handhogd. Bindingsmuren er gjort av brun klinkerstein.
No er den gamle brua stengt for biltrafikk, og ei ny bru, Straumsbrua, teken i bruk frå 3. juli 2004.
Området ved Straumen og den gamle brua er ei perle, og ved bygginga av ny bru vart det lagt vinn på at den nye brua skal stå arkitektonisk i harmoni til den gamle brua. Dette har ein lukkast med, og området framstår no som ein attraksjon det er vel verdt å få med seg. Skodje bru er blitt gang- og sykkelveg, og skal takast vare på som kulturminne. Statens vegvesen har lagt til rette for publikum mellom anna med eit utkikkspunkt og parkeringsplass på nordsida av nybrua. Det er her også lagt til rette for funksjonshemma. Den nye brua har fortau og er opplyst, og den gamle brua vil bli lyssett for at den skal kome til sin rett også på kveldstid.  (henta frå her)



STRAUMSBRUA SOM VAR NY I 2004 ER OGSÅ VAKKER Å SJÅ PÅ.

.....................
SOMMAREN HAR HITTIL VORE KALD. MEN INNIMELLOM GLIMTAR DET TIL.
DÅ ER DET BERRE Å "KASTE" FRÅ SEG ALT EIN HAR I HENDENE OG KOME SEG UT I DET FRI. 

ER DU PÅ SUNNMØRE ER EIT BESØK PÅ SKODJE BRU VEL VERDT Å FÅ MED SEG.


................................


onsdag 24. juni 2015

Livet og tida

Elskar du livet, så sløs ikkje med tida, 

for det er det stoff som livet er laga av.






Innimellom altfor hektiske dagar og veker, 
både privat og i jobbsamanheng, prøver eg å nyte livet.

Livet er ei gåve frå Gud, lat vi ta vel vare på det.

Akkurat no sprengjer sola seg gjennom det grå skydekke.


Sola er god

Sola er god, sola er toppen. 
Sola er varm og den bruner på kroppen. 
Sola som skin kvar morgon for meg. 
Sola i er best synest eg!

mandag 1. juni 2015

Velkommen kjære Juni!

Det er JUNI!
Det er SOMMAR!

Men tåka heng, det regnar og det er kaldt!

Ingen ting å gjere med det..
Berre å leite etter GLEDENE ein finn i kvardagen.




Herlege Jordbærblomster!
Om nokre veker... Nam, nam!


Også Epleblomster gleder to gonger, 
både som blomst og som frukt!
......................................
"Glede i hjartet gjev god helse, mismot tærer på kroppen."
Bibelen frå Salomos ordtak 17,22



Deler på Helgegleder.
(Dette er siste Helgegleder på "Vivishagerom og litt til" før sommaren)


Har du ei Juniglede du vil dele?

torsdag 13. november 2014

I LIKE # 171: SOMMARMINNE



Eg likar å drøyme meg tilbake til sommaren/hausten som var.
Bilete er faktisk tatt 9.oktober utanfor Ålesund sjukehus.


søndag 28. september 2014

Etter sommaren

Jentekolonien på Blåtur
Nøringset Sula


er det vel lov å mimre?
Ute bøttar det ned, 
vinden ruskar i absolutt alt, 
no er det vått og hustrigt.
Det er haust..

Ein sommar er over, men..

Sommaren 2014 var 

ein FIN sommar i mitt liv!


Utsikt frå Grøtt i Haram
Fjelltur Stordal kommune

søndag 31. august 2014

Vassætra i sol

Sommaren 2014 vart avslutta med ein fantastisk tur til Vassætra i Sykkylven.


Når ein går oppom sætra får ein nydeleg utsikt over Ålesund og øyane.


Vassætra er ein nydeleg og fredfull plass.
Dei ekstra spreke kan gå vidare til Sandvikshornet.  


På veg ned igjen ser du mot Sykkylvsfjella.
Det er ein god grusveg. Til tider nokså bratt, men det er verdt det!
.....................................
Fekk du også lyst til å ta turen?
Søk Vassætra eller Sandvikhornet på Google.
Mange har tatt turen før og gir ei god forklaring.
Det var på den måten vi fann fram. 
I tillegg snakka vi med folk vi traff på vegen.

GOD TUR!

linka til:




torsdag 31. juli 2014

Farvel Juli

(dette er frå eit gamal bursdagskalenderhefte som mora mi hadde)


Herlege Juli takkar for seg!
Ja, sommaren ER deilig i Juli
og ein badar så sant det er mulig!