Viser innlegg med etiketten Misjon. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Misjon. Vis alle innlegg

søndag 13. mars 2011

Nihonkoku (日本国), «solopphavsland».

Sist sommar gjorde eg og ei vennine endeleg alvor av planane om
å besøke Inger før ho skulle reise.
Hjå henne fekk vi servert Japansk mat. Spennande og godt!

Japan er nok det landet som ligg Inger sitt hjarte nærmast.
I fleire periodar har ho vore der som misjonær.

Inger er i Japan utsendt frå NLM (Norsk Luthersk Misjonssamband).
Ho er der for at fleire skal få høyre om Jesus.
På desse orda frå Matteus 28 har ho reist ut:
18 Då steig Jesus fram og tala til dei: «Eg har fått all makt i himmelen og på jorda. 
19 Gå difor og gjer alle folkeslag til disiplar! Døyp dei til namnet åt Faderen og Sonen 
og Den heilage ande 20 og lær dei å halda alt det som eg har bode dykk. 
Og sjå, eg er med dykk alle dagar så lenge verda står.»


Og no er ho der nede, midt i eit jordskjelvramma land.
Inger bor ikkje nær det området som er ramma,
men alikevel er kvardagen rundt henne prega av at landet ho bor i er inne i ei krise.

Tankane mine er hjå Inger og andre eg kjenner som bor i Japan.
Og ikkje minst er tankane hjå dei som er hardast ramma,
dei som har mista nokon av sine eller heimen sin.
...............................................


Du har gjort min angst til din
Gud, bare dette har jeg tilbake: å stole på ditt løfte til dagen gryr og morgenstjernen viser seg.
Du har oppfylt natten med ditt nærvær,
gjort min angst til din angst,
min ensomhet til din ensomhet,
mitt rop til ditt rop.
Jeg tror det, ikke fordi det kjennes slik, men fordi du har sagt det.
Hør oss i vår nød
Himmelske Far, vi overgir oss i din sterke hånd og roper til deg i vår nød. Sorgen er tyngre enn vi kan bære; savnet større enn vi kan tåle. La vårt rop komme til deg. Hør oss i vår sorg og nød, for Jesu Kristi skyld.
(funne her)